Hopp til innhold

Dei vil, men naboane tvilar

Politikarane i Sogn og Fjordane vil gjerne leggje ned sitt eige fylke og slå seg saman med naboane, men no får dei ei kald skulder frå fleire kantar.

Stemming vestlandsregion

RØYSTA NEI: I går røysta eit fleirtal i Sogn og Fjordane fylkesting ja til samanslåing med dei andre vestlandsfylka. Representantane med henda i vêret på dette biletet er dei som røysta nei.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Om Rogaland ikkje vil ha med Sogn og Fjordane, er det naturleg at vi innleiar samtalar med berre Rogaland. Det seier gruppeleiar for Høgre i Hordaland Mona Røsvik Strømme.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i går å slå seg saman med Rogaland og Hordaland. Dei vil gjerne ha med Møre og Romsdal også. Problemet no kan vere at ingen av naboane har lyst til å slå seg saman.

Mona Røsvik Strømme

VIL HALDE DØRENE OPNE: Mona Strømme i Hordaland Høgre vil halde døra til Rogaland open, sjølv om sistnemnde ikkje vil vere med på Vestlandsregionen

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er heilt uaktuelt for oss å sjå sørover til Sogn og Fjordane, vi ønskjer Møre og Romsdal som ein sjølvstendig region, seier fylkesordførar Jon Aasen (Ap).

Les også: Heilt uaktuelt for Møre og Romsdal å gå sørover

Og også i Rogaland går det mot eit nei til Sogn og Fjordane.

– Avstandane blir for store om vi skal ha med Sogn og Fjordane, for oss er det meir aktuelt å få til ei samanslåing mellom Rogaland og Hordaland, seier gruppeleiar for Frp i Rogaland, Anita Egeli.

Sigurd Reksnes

SKUFFA: Senterpartiet sine representantar kjempa ein lang kamp for at Sogn og Fjordane skulle halde fram som eige fylke. Her er Fylkesleiar Sigurd Reksnes skuffa over at det ikkje gjekk den vegen på fylkestinget i går.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Vil samle Bergen og Stavanger

Og i Hordaland er det fleire som tenkjer at det viktigaste er å samle Stavanger og Bergen. Om Rogaland då insisterer på at Sogn og Fjordane må haldast utanfor, kan dei ende opp med å få viljen sin.

I dag sa Hordaland fylkesutval ja til Vestlandsregionen beståande av tre fylke. Om Rogaland seier nei, er det likevel fleire i Hordaland som starte paralelle samtalar med berre Rogaland.

Eit nei i Rogaland for Vestlandsregionen, treng ikkje å vere eit nei til samanslåing av Hordaland og Rogaland, seier Strømme i Rogaland.

Fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane seier at ho har gjort sitt, og at det er vanskeleg å kommentere kva dei andre fylka kjem til å gjere.

– Denne saka er på mange måtar avslutta i Sogn og Fjordane fylkesting no. For oss står att det å sjå kva dei andre fylka no gjer.

Jenny Følling

HAR GJORT SITT: Fylkesordførar Jenny Følling seier at ho på mange måtar har gjort sitt, og at det no berre er å vente på dei andre fylka.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Trur det kan ende i tvang

Leiaren for kommunalkomiteen på Stortinget Helge Andre Njåstad (Frp) seier at dei vestlandsfylka som no går inn for stå åleine, eigentleg berre spelar ballen over til Stortinget.

– Det er Stortinget sitt ansvar å teikne det nye regionkartet, og når Sogn og Fjordane no har sendt eit signal om at dei sjølve tenkjer at dei er for små, kjem nok Stortinget til å vere samde i det.

Helge Andre Njåstad

VIL TVINGE: Leiaren i kommunalkomiteen på Stortinget Helge Andre Njåstad (Frp) kjenner seg trygg på at Stortinget vil bruke tvang om det blir naudsynt i regionreforma.

Foto: Tore Meek, Meek, Tore / NTB scanpix

Han trur at om dei andre Vestlandsfylka no set seg på bakbeina, kan resultatet bli tvang.

– Både å slå saman Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og det å slå saman dei tre andre fylka kan bli aktuelt for Stortinget.