Hopp til innhold

Dei vil tvinge møringane med i vestlandsfylke

Møre og Romsdal har sagt tvert nei til å bli med i eit nytt vestlandsfylke. No vil ordførarar i Nordfjord presse møringane til forhandlingsbordet med hjelp frå Stortinget.

Ordførar

VIL TVINGE MED MØRE OG ROMSDAL: Leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad (Sp), og Stein Robert Osdal (KrF) vil tvinge Møre og Romsdal til forhandlingsbordet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi har kommunar som har eit nært og sterkt forhold til kommunar på Sunnmøre, så det at ein ønskjer å forsterke det i ein sånn prosess er heilt naturleg, seier leiar i Nordfjordrådet, Leidulf Gloppestad (Sp).

Nordfjordrådet vil ha hjelp frå Stortinget for å presse Møre og Romsdal inn i regionreforma. Møringane er sikre i si sak, då dei har til no sagt eit klart nei til å delta i forhandlingar om eit nytt vestlandsfylke.

For Gloppestad er det naturleg at kommunane i Nordfjord vil ha med nabofylket på laget.

– Kommunar på Sunnmøre og i Nordfjord har eit mykje nærare samarbeid enn kva desse kommunane i Sunnmøre har nordover i eige fylke.

Vil ha møringane med sørover

Møre og Romsdal vil helst stå aleine. Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (KrF), ser ikkje kvifor møringane skal gjere nettopp det.

– Skal Møre og Romsdal stå aleine, så kan fleire fylke gjere det same. Det er ingen gode argument for at møringane skal stå aleine.

Osdal fryktar tanken på ei regiongrense som kan gå ved Selje eller Vanylven. Selje-ordføraren dreg linjer til den kjende muren som delte Tyskland i to.

– Om ikkje katastrofalt for Selje, så vil det bli veldig utfordrande. Då får vi det som vi kallar for «Berlinmuren» mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Bjørn Lødemel

POSITIV: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) ser positivt på innspelet til ordførarane i Nordfjord.

Foto: Trond Vestre / NRK

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) er samd med ordførarane i Nordfjord. Han meiner det er naudsynt med delar av Møre og Romsdal med på laget for å få ein sterkare vestlandsregion.

– Det vil vere veldig uheldig viss ein får ei regiongrense mellom Nordfjord og Sunnmøre som allereie har sterke band i dag. Barriera må ned mellom desse for at bu- og arbeidsregionen får utvikle seg vidare.

Ønskjer hjelp frå Stortinget

Selje-ordførar Stein Robert Osdal er klar i talen for kva han no forventar frå Stortingsbenken frå fylket.

– Stortingsbenken i Sogn og Fjordane har vore sprikande, men no oppfordrar eg dei til å samle seg for at vi kan få med Møre og Romsdal sørover.

Lødemel tar oppmodinga på strak arm.

– Vi kan godt engasjere oss. Eg står last og brast med dei som meiner at vi må få med delar av Møre og Romsdal. Det tar eg gjerne opp med dei andre på benken for å høyre om vi kan få ein felles strategi på det.

Kan det bli brukt tvang for å få delar av Møre og Romsdal med?

Stortinget som bestemmer til sjuande og sist. Mi oppfordring er at kommunane engasjerer seg i kartet som skal vare i 50 år, seier Lødemel.