Hopp til innhold

Denne gjengen et kirsebær med dei store

Florø sitt juniorlag vil til topps juniorcupen. I dag slo dei ut Eidsvoll Turn 7–2 i 3. runde i cupen. Mens dei ventar på neste runde har dei planar om å toppe Gothia-cup i Göteborg.

Gjengen

GLADE GUTAR: F.v. Halvor Solheim-Olsen, Stefan Aase, Kristoffer Book og Anders Sørensen.

Foto: Eivind Nordvik Hauge / NRK

– Dei er ein flott gjeng, det er ikkje tvil om det, kvitrar Florø-trenar Terje

Rognsø.

Han kunne sjå gutane i alderen 16–19 år som han har vore med og trent sidan 2007 parkere Eidsvoll Turn allereie til pause, nett som planlagt. Også Geir Rindheim er med i trenarteamet.

– Vi gjekk ut for å drepe kampen. Eg hadde følelsen av at vi skulle vere betre enn dei, men ein veit jo aldri. Men med 5–0 til pause så punkterte vi kampen, ja. Vakkert og heilt etter planen, seier Rognsø.

Eit heilt spesielt lag

Han legg ikkje skjul på at gutegjengen han er trenar for er eit spesielt lag som ligg hjarta nær.

– Ein får eit spesielt forhold til dei, heilt klart. Så å seie alle har vore i klubben sidan dei var 6 år, dei fleste er også på A-laget og har vore der sidan dei var gamle nok, seier Rognsø, som er mannen som starta opp med fotballakademi i Florø i 2007.

– Det var vel knapt nokon som trente meir enn oss. Det har vi sett resultatet av dei siste åra, seier Rognsø.

For berre høyr; dette laget har vunne Norway Cup, Dana Cup og USA cup. Og i Gothia Cup har dei 2. og 3. plass.

– Når vi stiller der i juli så har vi ambisjonar om å gå heile vegen. Det er jo også det vi har i cupen, men vi møter jo dei beste i landet, så her må kvar kamp spelast, seier Rognsø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristoffer Book

SCORA TO: Kristoffer Book scora 6–1 og 7-1-måla for Florø.

Foto: Eivind Nordvik Hauge / NRK

Heller 2. divisjon enn cupgull

Og midt i cupviraken så peikar han på at for blåskjortene i 3. divisjon er det eitt mål som heng høgare enn nokon cup.

– Vi vil heller opp i 2. divisjon enn å vinne cupen, for å seie det slik. Men vi gjer gjerne begge deler, ler Rognsø.

Samtidig er han klar på at det tek på å vere med på det meste.

(Artikkelen held fram under biletet)

Synte styrke

VISTE MUSKLAR: F.v. Kristoffer Ryland, Halvor Solheim-Olsen og Stefan Aase.

Foto: Eivind Nordvik Hauge / NRK

Møter botnlag søndag

– Det blir tøft kampprogram av slikt. No blir vi redda denne helga av friidrettsfestivalen i Florø, slik at kampen mot Vik ikkje blir før på søndag. For det tek på å spele kampar fleire dagar på rad, seier Rognsø.

Søndag får dei besøk av Vik heime. Vikjene ligg i botn på 3. divisjonstabellen og har alt å vinne når dei kjem til Florø.

– Vi må nullstille oss, men det har vi vore bra på til no. Og så må vi vere på tå hev. Dei fleste ventar at vi vinn kampen, og slikt er eit skummelt utgangspunkt. Men vi skal ta kampen på alvor, lovar Rognsø.

4. runde i NM-cupen skal spelast i midten av august. Truleg kjem oppsettet frå Norges Fotballforbund i løpet av neste veke.