NRK Meny
Normal

Dei håper ny fotoutstilling skal gje bulyst i distrikta

Mange hus og gardar i Sogn og Fjordane står tomme. Det vil sju studentar på Høgskulen og ein fotograf med røter i Luster gjere noko med.

Studentar i Sogndal håper fotoutstilling skal friste folk til å flytte tilbake til fråflytta hus.

FOTOUTSTILLING: I helga opna ei fotoutstilling som skal lokke folk til fråflytta bygder. Liv i husa skaper meir liv i bygdene, meiner Silje Hatlem, ein av studentane bak prosjektet.

"Folk i fleire hus" er ei fotoutstilling av gamle og tomme hus, som no er å sjå på Kafé Krydder i Sogndal. Målet med utstillinga er å inspirere.

– Det er masse studentar her i Sogndal, kanskje dei kjem på utstillinga, ser dei flotte bileta og får lyst til å flytte hit, seier ein av student Linda Ødegaard.

Kontrast mellom forfall og idyll

Bak prosjektet står sju studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane: Daniel Einen, Katinka Hauge, Silje Hatlem, Hege Kiperberg, Linda Ødegaard, Sigrid Rauboti og Alexandra Wegger.

Dei har teke opp tråden til eit prosjekt med same namn, som Luster hadde gåande frå 2010–2014, der målet var å stimulere til fast busetnad i tomme hus, gardar og småbruk i kommunen.

Med seg har studentane fått med seg fotograf Randi Kristin Kvalågnes for å illustrere dei triste følgjene av at hus blir ståande tomme og forfalle. Kvalågnes kjem frå Lindås i Nordhordland, men har ei mor som er frå Gaupne.

Utstillinga rommar både dystre motiv i svart kvitt og fargerike landskap. Det skal få fram kontrasten mellom forfallet og idyllen som desse plassane representerer.

– Svart-kvitt bileta i kjellaren viser resultatet når folk flytter frå bygda: hus stor tomme og blir slitne. Her i første har vi fått fram fine fargar og flott natur som lyser opp, seier Ødegaard.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fire av studentane bak prosjektet "Folk i fleire hus"

BULYST: Silje Hatlem, Daniel Einen, Katinka Hauge og Sigrid Rauboti, fire av studentane som står bak prosjektet 'Folk i fleire hus', håper fotoutstillinga skal få folk til å flytte til distrikta.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Vil skape bulyst

No håpar dei at bileta skal inspirere folk til å sjå moglegheitene i dei tomme husa rundt om.

– Vi fekk veldig positive tilbakemeldingar på utstillinga og opplever at det er fleire og fleire som har lyst til å flytte tilbake til bygdene. Du får jo eit veldig billig hus her, i forhold til meir sentrale strøk, seier prosjektleiar Daniel Einen.

Nokre av huseigarane er med på motiva og studentane har heilt klart eit mål om å få dei med på laget.

– Me har ikkje snakka så mykje med eigarane direkte. Men vi vil at dei kanskje skal få ei påminning om at det er fint å gjere noko med desse husa, i staden for å la dei stå tomme, seier Sigrid Rauboti.

Som studentar håper dei sjølvsagt å lære mykje – og få gode karakterar på prosjektet. Men det er ikkje det einaste som har motivert dei.

– Eg meiner det er kjempeviktig tema. Det er dette som skal skape framtida i distrikta, det at folk får lyst til å flytte hit. Dette er eit lite tiltak, men me håper at det kan vere med å skape nokre nye idear og ny bulyst, seier Rauboti.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.