Hopp til innhold

Dei vil ha turistar her heile året - men fylket vurderer å stenge vegen for å spare pengar

Det nye, spektakulære utkikkspunktet langs den nasjonale turistvegen på Gaularfjellet har blitt ein turistmagnet. Men no vurderer fylkeskommunen å stenge vegen før enn vanleg for å spare pengar. Det får reiselivsnæringa til å rase.

Utsikten Gaularfjellet

UTSIKTA PÅ GAULARFJELLET: Det nye utsiktspunktet er ein turistmagnet, men no ligg det inne forslag om å utvide stenginga av vegen.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Direktør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord forstår lite av forslaget til fylkeskommunen.

– Det er heilt meiningslaust. No har det vore strategiar frå nasjonalt nivå og ned på lokalt nivå i mange tiår på auking av turismen. Det å snevre inn opninga på Gaularfjellsvegen viser at dei ikkje har forstått strategiane reiselivet jobbar etter og har vore del av i mange år.

Den populære turistvegen pleier å stenge når snøen kjem, uansett kor mykje eller lite snø som kjem. Fylkeskommunen har ikkje sett nokon dato, men dei vurderer no å stenge vegen lenge før enn vanleg for å spare pengar. Dette er ikkje vedteke, men ligg som eit av fleire innsparingstiltak.

Reiselivsnæringa i heile Norge ønskjer å legge til rette for turisme heile året og arbeidsplassar, men stengde vegar og båtar som ikkje går bremser utviklinga. Berre i år har næringa brukt 1,5 milliardar på å marknadsføre Norge.

Ordførar reagerer sterkt

Det nye utsiktspunktet på Gaularfjellet er berre ein av fleire attraksjonar som trekker turistar som aldri før. Å stenge vegen opp til utkikkspunktet for å spare pengar på brøyting er ikkje populært.

– Det er å gå baklengs inni framtida, seier Balestrand sin ordførar Harald Offerdal.

Han har forståing for at fylkeskommunen har sine utfordringar, men her er det snakk om å styrke og halde oppe arbeidsplassar langs Gaularfjellsvegen, pluss at ein kan legge til rette for å utvide turistsesongen.

Ønskjer ein utvida turistsesongen

Over 1,5 milliardar kroner er brukt på å marknadsføre turistdestinasjonar i Norge i utlandet. No er målet å skape heilårsturisme og heilårs arbeidsplassar.

– Det er stor interesse for å utvikle lengre sesongar, også heilårsdrift. Alle som driv med dette ønskjer det. Det er dyrt og vanskeleg når ein driv berre delar av året. Men det hjelp lite for oss om vi utvidar utan at andre aktørar, seier marknadssjef for Flåm AS, Øyvind Holsen.

Flåm museum

FLÅM: Det dabbar av med folk i Flåm når vinteren kjem. – Det er stor interesse for å utvikle lengre sesongar, også heilårsdrift, seier marknadssjef for Flåm AS, Øyvind Holsen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Forslaget er ikkje handsama

Fylkesordførar Jenny Følling understrekar at forslaget ikkje er handsama.

– Det er ikkje vedteke og heller ikkje ønskeleg for oss å gjere det. Vi har stramme rammer og leitar etter dei tiltaka som vil gjere minst skadeverknadar, seier Følling.

Brandshaug i Visit Sognefjord seier mykje krefter er sett inn på å selje produkt og opplevingar som er opne heile året. Men turistane kan ikkje kome til stengde hotell eller båtar som aldri går.

– Det viktigaste tiltaket vi kan gjere på infrastrukturen for å sikre vekst på heilårsturisme er å få Sognebåten til å gå heile året, seier Brandshaug.

Ståle Brandshaug i Flåm

SVÆRT KRITISK: Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK