Hopp til innhold

Dei vil ha fritt skuleval i nye Vestland fylke

DALE I SUNNFJORD (NRK): Ungdommane vil ha det, men lærarane fryktar det.

Ungdommer på Dale Vidaregåande

DALE VIDAREGÅANDE: f.v. Adrianne Akse, Kamilla Rivedal og Aina Søgnen, for dei er viktig at elevane sjølv får velje kvar dei vil gå på skule.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Ungdommane på Dale vidaregåande skule vil ha fritt skuleval, men meiner ein må gjere tiltak for å sikre elvane med dårlege karakterar.

– Det er vi sjølv som skal bestemme. Samstundes må vi sette i verk tiltak som sikrar dei med dårlege karakterar. Det er dumt om dei må ende opp med å flytte langt heimanfrå for å gå på skule, seier Adrianne Akse.

Klassevenninna Aina Søgnen er i utgangspunktet einig i at skulevalet skal vere fritt.

– Eg trur det er folk som ønskjer seg til spesielle linjer som vil dra nytte av dette, elles trur eg dei fleste vil gå på skular som er nære der dei bur, seier Søgnen.

Vil ha fritt skuleval

Fylkesting for ungdom i Hordaland og Sogn og Fjordane har også teke til orde for å få fritt skuleval i nye Vestland fylkeskommune.

– Vi meiner tilbodet er for lite, og dei som då vil gå på spesielle linjer bør få lik moglegheit med resten av Vestland fylke, seier Kamilla Rivedal, leiar for ungdomspolitisk utval.

Men nye Vestland fylkeskommune foreslår at det nye fylket ikkje skal ha fritt skuleval. Dei vil at det skal vere tilnærma som i dag.

–Fritt skuleval kan gå ut over fagtilbodet i heile fylket, og kan føre til at elevar må flytte langt for å gå på skule, seier prosjektleiar for Vestland fylkeskommune, Rune Haugsdal.

Har ikkje rådført seg med ungdommane

Fellesnemnda for det nye fylket skal ta avgjerda neste veke, men ungdommane har ikkje blitt rådførte.

– Det er veldig dumt at dei ikkje har kontakta oss. Ungdommen er framtida for det nye fylket, og då burde våre stemmer blir høyrde, seier Rivedal.

Haugsdal bekreftar at dei ikkje har snakka med ungdommen så langt.

– Vi skal absolutt lytte til ungdommen. Om vi går for ei inndeling av inntaksområda, så kjem vi tilbake med ei meir detaljert sak våren 2019, seier Haugsdal.

Lektor Simon Malkenes, som tok eit generaloppgjer med det frie skulevalet i Oslo, meiner vi må passe på at ein ikkje får ein konkurranseskule.

– Ein må ha fleire kriterium for inntak enn berre karakterar. Ein må passe på at dei mest sårbare elevane ikkje må risikere å reise langt for å gå på skule, seier han.

Ungdommar må få velje sjølv

Gunnhild Berge Stang

FOR FRITT SKULEVAL: ho er fylkesordførarkandidat, og er for at ungdommar skal få fritt skuleval når dei skal byrje på vidaregåande. Samstundes på ein passe på at skulane ikkje blir sentralisert.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Gunnhild Berge Stang, fylkesordførarkandidat for Vestland Venstre, er for fritt skuleval i Vestland fylke.

– Det er uheldig viss ungdomane søke seg mot dei store plassane, men samstundes må dei få valfridomen. Tek ein vekk fritt skuleval, så vil ikkje ungdomen sitt ønske vere teljande i totalvurderinga, seier ho.