Hopp til innhold

– Jentene er kanskje litt meir ansvarsbevisste enn gutane i denne alderen

Ungdom blir stadig meir opptekne av at russebilane deira skal vere trygge. Og jentene verkar vere endå meir opptekne av dette enn gutane.

Geir Leon Hetle frå Vegvesenet sjekkar russebilen til russejentene frå Hafstad Vgs

GOD BIL: Ved første augekast meiner Geir Leon Hetle i Vegvesenet at russebilen til jentene frå Hafstad vidaregåande ser bra ut. I ettermiddag får dei sjekka det i ein kontroll.

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

– Eg har eit inntrykk av at jentene er meir opptekne av trafikktryggleik og at bilen skal vere trygg, seier Geir Leon Hetle som er inspektør ved Statens vegvesen sin trafikkstasjon i Førde.

Der skal dei i dag og i morgon kontrollere årets russebilar, ein service dei har ytt russen gratis i 12 år. Hetle seier han opp gjennom åra har sett at tryggleik har blitt viktigare og viktigare for dei unge.

– Generelt vil eg seie at ungdomen er meir opptekne av trafikktryggleik no enn før. Men vi ser at det kan variere litt frå år til år, seier Hetle.

– Kvifor verkar jentene å vere meir opptekne av tryggleik enn gutane trur du?

– Jentene er kanskje litt meir ansvarsbevisste enn gutane i denne alderen, seier Hetle.

Difor la dei meir pengar i bilen

Samtidig som lauvet så vidt er byrja sprette, kler russen på seg sine raude, blå og svarte dressar. I oppråna bilar fyller dei gatene med høg musikk og godt humør.

Men bilane blir ikkje berre ein tilhaldsplass i løpet av russetida, dei er også viktige som transportmiddel. Mange av russebilane legg bak seg milevis på veg til ulike russearrangement både rundt om kring i lokalområdet og andre stader i landet.

Russejentene Anna Hjelle, Guro Nybø og Solveig Skare Moe har lagt mykje sparepengar i sin russebil.

– Vi kjøpte bilen for 55.000 kroner, og har fått mykje inkludert. Difor har vi ikkje måtte gjere så mykje med den, slik vi har sett andre har måtte gjere, fortel jentene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå venstre: Guro Synnøve Kyrkjebø Nybø, russepresident Anna Hjelle og Solveig Skare Moe

VERDT DET: Guro Synnøve Kyrkjebø Nybø, russepresident Anna Hjelle og Solveig Skare Moe meiner det var verdt å leggje litt meir i bilen for å sikre at den er tryggast mogleg.

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

Har fokus på tryggleiken

Onsdag var dei klare for å la Statens vegvesen sine kontrollørar ta bilens tekniske stand nærare i augesyn. Dei tre jentene vedgår at utsjånad betyr litt, men at tryggleik faktisk er det viktigaste for dei.

– I fjor vann denne bilen prisen for tryggaste russebil, og det satsar vi på at skjer i år også, seier dei og held fram:

– Det at den er trygg får vi igjen for i russetida, då går den også knirkefritt.

Bremsefeil går att

Geir Leon Hetle har vore med på kontrollane av russebilane i mange år, og ein del av bilane han såg for nokre år sidan har han sett igjen og igjen.

Ein del av russebilane på vegen er eldre bilar, og når dei ofte står ubrukte resten av året er det ikkje alle som er like trygge når dei skal brukast i mai.

– Den vanlegaste feilen vi ser på russebilane er feil på bremsene. Det har si naturlege årsak i at bilane ofte står i ro resten av året, og berre blir brukte ein månad i året. Rusten jobbar året rundt, og fastrusta bremser og bremserøyr som sprekk under kontroll er typiske ting vi ser, seier Hetle.

Andre feil som går att er manglar på lys, og mangelfull sikring av lause gjenstandar inne i bilen. Store musikkanlegg er viktig for mange, og Hetle understrekar ar desse må sikrast skikkeleg.

– Det er lov å ha anlegg, men desse må vere installerte på ein skikkeleg måte, seier inspektøren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mona Iren Lied og Geir Leon Hetle i Statens vegvesen

STILLER OPP: Vegvesenet tilbyr gratis kontroll av russebilane. Mona Iren Lied og Geir Leon Hetle seier dette er ein viktig del av trafikktryggleiksarbeidet deira.

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

Kårar den tryggaste russebilen

Når Vegvesenet køyrer gratis kontrollar som den i ettermiddag, kjem Hetle i kontakt med mange av ungdomane. Han seier dei aller fleste tek til seg det som blir påpeika av eventuelle feil og manglar.

– Stort sett opplever vi at ungdomen høyrer på oss. Det er mykje bra og fornuftig ungdom, seier han.

Kollegaen Mona Iren Lied er ansvarleg for Statens vegvesen sitt russearrangementet i Førde i ettermiddag.

– Vi ønskjer å setje fokus på den tekniske standen på russebilane, og i tillegg haldningar og ansvaret russen har for kvarandre i trafikken og i forhold til køyring av russebilane, seier Lied.

Russebilane som er trygge nok blir merkte med eit grønt oblat i frontruta, og blir med i kåringa av den mest trafikksikre russebilen. Sparebanken Sogn og Fjordane har sponsa premiar, med 3000 kroner til den beste og 1000 kroner til den nest beste.

I tillegg til gratis kontroll, er det lagt opp til quiz, konkurransar og ungdomane får moglegheit til å teste den såkalla «veltepetteren».

- Vi håpar og trur at russen synest dette er kjekt. Vi håpar dei ser hensikta med dette, og at vi gjer dette for deira beste. Dei kan få sjekka bilane sine, og avdekka alvorlege feil, om det skulle vere noko, seier Lied.

Håpar flest mogleg nyttar sjansen

I raudrussebilen til Anna Hjelle, Guro Nybø og Solveig Skare Moe er det framleis litt som står att før den er akkurat slik dei har tenkt. Hjelle er russepresident og håpar flest mogleg av medrussen set trafikktryggleik høgt når dei skal ut på vegane dei neste vekene.

– Det er mange som har måtte jobbe litt meir på sine bilar enn det vi har. Mange har gjort litt sjølv, og det er ikkje lett å vite om alt stemmer.

Hjelle seier mange ikkje har vore spesielt gira på å bli med på Vegvesenet sitt arrangement med kontroll og konkurransar, men håpar folk tenkjer seg om ein gong til.

– Det er nokre som tenkjer det ikkje er vits å reise på kontroll, fordi dei då kan sleppe unna med feila sine. Men eg meiner det er betre at dei får sjekka opp bilen, og retta eventuelle feil, seier ho.

Også Mona Iren Lied i Statens vegvesen håpar flest mogleg nyttar høve til å få ein sjekk av russebilen sin før russetida startar for alvor.

– Det må vere positivt for russen å få ein gjennomgang av bilen sin. Då veit dei om den er i teknisk god stand. Er det feil og manglar får dei vite det, og får moglegheit til å rette det opp.