Hopp til innhold

Dei vil ha dei første jordbæra klare til 17. mai

INNVIK (NRK): Du treng ikkje vente på sommaren. I Stryn vil jordbærbøndene Finn Drageset og Karin Kleppe ha modne jordbær klare allereie til nasjonaldagen.

Finn Drageset og Karin Kleppe

TIDLEG UTE: Finn Drageset og Karin Kleppe er saman med hjelparane sine i gang med å sette ut 12.000 jordbærplantar i drivhus. Målet er å ha dei første jordbæra modne til nasjonaldagen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det er tidleg, men vi prøver å vere tidleg ute her i Innvik, smiler Finn Drageset.

Små jordbærplantar blir plasserte i kasser og dekte med mold. Ute er temperaturen null grader, men innanfor drivhusveggane bikkar gradestokken vel seks grader.

Jordbær

TRENG 60 DAGAR: Det går cirka to månader frå plantane er sette i jorda, til ein jordbærprodusentane kan hauste raude, modne bær.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

Saman med Karin Kleppe satsar Drageset på jordbærproduksjon i veksthus. Målet er modne jordbær til nasjonaldagen.

– Vi håpar vi klarer det. No har ikkje vêrgudane vore heilt med oss, med ein kuldeperiode. Men viss det snur og vi får ein varmeperiode, skal vi kome i mål til 17. mai.

12.000 plantar

Med ein fart på 1000–1100 plantar dagen, får dei sett ut dei 12.000 jordbærplantane på ti dagar.

– Det er mykje å passe på. Plantane skal ligge i riktig retning, ha rette næringsstoff og godt med vatn, seier Karin Kleppe.

Jordbærdyrking i Innvik

FRÅ NEDERLAND: Ferdigplantane kjem frå Nederland, og blir planta over i kasser i Innvik. – Plantane trivst ikkje i minusgrader. Ein bør prøve å ligge over seks varmegrader. Då veks ikkje plantane så mykje, men dei trivst. Over åtte grader begynner dei å produsere, seier Finn Engeset.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Gode erfaringar og tilbakemeldingar frå butikkane gjer at dei satsar på sorten Salsa.

– Det er fantastisk gode, søte bær, seier dei.

Ventar på humlar

For 14 dagar sidan var det plussgrader og vårvêr i Innvik, sidan har gradestokken vandra nedover og Kleppe og Engeset har difor sett inn ekstra varme i veksthuset.

Jordbærdyrking i Innvik

AUTOMATISK VATNING: Plantane får vatn og gjødsel gjennom eit automatisk system fem gonger om dagen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det skal gå cirka 60 dagar frå vi plantar til vi får raude bær, fortel Kleppe.

Snart får dei levert 350 humlar som skal hjelpe dei i tidlegproduksjonen. Klaffar alt, håpar jordbærbøndene å dyrke fram ein halv kilo bær per plante og seks tonn totalt.

Mange fordelar

Seniorforskar Anita Sønsteby ved Norsk institutt for bioøkonomi har leia eit forskingsprosjekt med jordbærdyrking under tak. Ifølgje forskaren ser dei tendensar til at fleire går over til denne metoden. Beskyttelse mot ustabilt vêr er mellom fleire fordelar.

– Kraftige regn- og haglskurar kan øydeleggje heile avlinga. Tak gir også enklare plantevern mot soppar og andre skadegjerarar, forlengt vekstsesong, meir stabile avlingar, og moglegheit til å automatisere nokre av dei mest arbeidskrevjande oppgåvene.

Høge investeringskostnader og uvisse rundt avlingsgevinsten gjer likevel mange produsentar skeptiske til å ta i bruk tunnellar, opplyser Sønsteby.

Stor etterspørsel

Førebels er det ikkje så mange tidlegprodusentar av jordbær i Noreg. Geir Joa er ein av fem i Rogaland. Sola-bonden har drive med tidlegproduksjon under tak sidan 1990.

– Etterspørselen er veldig stor. Då har folk lyst på norske jordbær, og er leie dei utanlandske bæra. Om ein begynner 17. mai eller 25. mai er det same.

I Innvik vil Kleppe og Drageset starte sesongen i midten av mai og avslutte ein månad seinare. Spørsmål om 17. mai-jordbæra har alt meldt seg.

– Omsetnaden trur eg ikkje blir noko problem. Jordbær i champagnen er flott, seier Drageset.

Karin Kleppe og Finn Drageset

SATSAR PÅ 17. MAI-BÆR: Karin Kleppe og Finn Drageset har vore jordbærbønder i eitt år, og satsar på ein sesong mellom midten av mai og midten av juni. Deira jordbærsesong blir med det avslutta før dei fleste andre jordbærbønder startar.

Foto: Benedikte Grov / NRK