Hopp til innhold

Rolf og Ørjan har ein draum om å konkurrere mot dei sterkaste i landet

Store steinar og blytunge tønner blir kasta opp på ein stabel med pallar i ein viss fart. Slik håpar kameratane at dei ein dag skal kunne måle krefter med dei sterkaste av dei sterke.

I ei garasje og på gardstunet trenar kameratane Rolf og Ørjan timevis kvar veke. Slik håpar dei at dei ein gong kan bli med i Strongman-konkurransen, Norges sterkaste mann.

STRONGMAN: Dei to kameratane har ein draum om å delta i ein strongman-konkurranse. Kvar veke trenar dei i garasjen og på gardstunet. FOTO/REDIGERING: Heidi Lise Bakke.

– Klar, ferdig, gå, ropar Rolf Sandøy Os og set i gang klokka.

Kameraten Ørjan Tystad med sine 96 kilo kastar seg over den store gråsteinen som ligg på garasjegolvet. Så fort som han klarar bukserer han den opp på ein stabel med pallar.

Så ein stein til, og to blytunge tønner. Dess tyngre løft, dess lågare blir stabelen med pallar.

Slik er det også i ein profesjonell strongman-konkurransen. Og det er dit dei to vil, med tida.

– Vi har ein draum om å stille i ein strongman-konkurranse, seier dei.

Vart inspirerte på show

Dei to 26-åringane i Gloppen har gjort alvor av planane om å lage seg sitt eige strongman-utstyr. I strongman-konkurransar er det som namnet tilseier om å gjere å vere sterkast mogleg, og det blir målt krefter i ei rekkje ulike øvingar.

Det kan vere alt frå å løfte steinar, løfte bilar, drage fly og presse opp kilo på kilo over hovudet.

I garasjen og på gardstunet på Vereide i Gloppen har dei to kameratane sveisa saman både det eine og det andre. Alt er heimelaga, og dei to har fått litt hjelp.

– Det var iallfall min ide, seier Øyvind Tystad og viser til vektutstyret som blir brukt i øvinga som populært blir kalla «farmers walk».

Det er eigentleg papprøyr som ein støyper søyler med, men med triksing og fiksing, og litt vekter på sida, så funkar dei fint som øvingsutstyr.

– Vi hadde vore i Drammen på Norges Sterkaste Mann, og på veg heim att diskuterte vi korleis vi kunne få laga til noko eige utstyr.

– Eg låg vaken ei natt, og tenkte litt, og då var det dette eg kom fram til, seier Øyvind Tystad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rolf Sandøy Os og Ørjan Tystad trenar med dumperdekk

DEKKVELT: I strongman er ei av øvingane å flippe over tunge dekk. Her øver Rolf Sandøy Os seg på eit over 200 kilo tungt dumpardekk. Ørjan Tystad tek tida.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Lastebil dekk og gamle oljefat

Dermed har Rolf Sandøy Os og Ørjan Tystad fått seg sin eiga leikegrind i garasjen. Treninga der er ein del annleis enn den på treningsstudio.

– Eg har alltid vore fascinert av musklar og trening, og vi har begge trent på treningsstudio i mange år. Men då vi fekk den ekstra motivasjonen med å sjå dei sterke karane på Norges Sterkaste Mann, så fann vi ut at vi måtte prøve sjølv, seier han.

Rolf Sandøy Os og Ørjan Tystad

KAMERATAR: Rolf Sandøy Os og Ørjan Tystad likar å måle krefter mot kvarandre. Målet er at dei ein gong kan måle krefter med dei sterkaste i landet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sidan i sommar har dei lagt ned tid og krefter med trening i garasjen og på gardstunet. I strongman kan ein bruke det meste til å trene med, og dei to boltrar seg med alt frå lastebildekk til gamle oljefat.

– Det er litt av sjarmen med det, at du kan bruke det meste av skrot, flirer Ørjan.

Tek avstand frå doping

Dei to tek begge avstand frå doping, og vil mykje heller legge ned tallause treningstimar for å bli sterk nok.

– Målet er å bli sterkast mogleg utan dopingmiddel. Eg har lyst å vise at eg kan løfte meir enn andre utan å bruke noko som helst, seier Ørjan.

Om dei to skulle ha stilt i konkurranse hadde det blitt i kvar si vektklasse, men på trening er det fort at dei knivar mot kvarandre.

– Det er litt intern konkurranse, det må eg innrømme, seier Rolf og legg til:

– Det er alltid kjekkast å få den beste tida.

Men når den 87 kilo tunge kroppen hans skal prøve seg mot steinane, må han innsjå at kameraten er raskare, og kanskje sterkare.

– 20,65 greidde du det på, seier Ørjan og kikkar opp frå klokka.

– Men det kom no opp, gliser Rolf og seier seg nøgd med dagens innsats.

Ørjan Tystad gjer push press heime i garasje på Vereide

STERK: Ein skal vere sterk i kjernemuskulaturen for å greie mange repetisjonar med push press med tunge vekter. Her er Ørjan Tystad i aksjon.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK