Hopp til innhold

Dei venta og venta, og så kom snøen ...

For ei knapp veke sidan var løypeansvarleg Arvid Hatledal uroa for norgescuprennet i skiskyting i Markane, for snøen ville ikkje kome. Men når den først kom, så kom den.

Snø ullsheim markane

FINE LØYPER: Snøsituasjonen på Ullsheim i Markane er ein heilt annan enn i førre veke, då det nærast var grønt fleire stader og snøkanonen jobba på spreng.

Foto: Privat/NRK/Ole Andre Rekkedal

På Ullsheim i Markane i Stryn er hundrevis av skiskyttarar venta til norgescuprennet til helga. Snøkanonen har jobba på spreng dei siste vekene, for den ekte snøen har vore fråverande.

Løypesjefen jobbar døgnet rundt

GLAD: Arvid Hatledal er glad vêrmeldingane slo til og at det kom mykje snø i helga.

Foto: Silje Guddal / NRK

Løypeansvarleg Arvid Hatledal i Stryn turløyper sa for ei knapp veke sidan at dei trengde endå meir snø for å klare det, og han hadde festa sin lit til meteorologane som melde snø no i helga.

«Som om ein slo på ein brytar»

Og natt til måndag kunne han senke skuldrene, berre fire dagar før rennet.

– Det var svært kor det snødde eit par timar i natt. Det er som dag og natt og sjå i høve til i går. Det kom 30–40 centimeter. Det var som om ein slo på ein brytar, og like fort stoppa det, men det var veldig effektivt, seier Hatledal.

Så sjølv om ikkje alle er like glad for snøen, var den meir enn velkomen på Ullsheim.

– Dette var heilt perfekt, det. For no har vi fått ut underlaget på løypene, og no blir det ei fin ramme rundt.

snømangel ullsheim markane

LITE SNØ: Så lite snø var det på Ullsheim i førre veke.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Tek gjerne imot meir snø

Måndag har dei hatt ein jobb å gjere med løypene, ikkje berre til rennet i helga, men også for turgåarane.

– Vi har tromla dei og laga flotte løyper i dag. Eg møtte nokon som hadde gått der no og dei var veldig godt nøgde. Det er veldig fine løyper innover no, så dette vart bra, seier Hatledal.

Og om det kjem meir snø takkar han ikkje nei.

– Eg kan godt ta ein slik sending til eg, flirer han.

Takka vere snømengdene som har kome det siste døgnet har snøkanonen fått kvile.

– Eg stengde den ned i går kveld då det begynte å snø, og det var kolossalt kor det lava ned då. Så den har kvilt seg sidan då. Vi får vurdere korleis det blir, men vi har vel for så vidt sikra det no, seier Hatledal.

Ullsheim, Markane

SOLGLØTT: Også sola vart glad for å få litt snø å lyse på.

Foto: Arvid Hatledal