NRK Meny
Normal

Onsdag kan du grille desse tre om E39

I ettermiddagssendinga onsdag fekk lyttarane stille spørsmåla. Kva E39-spørsmål vil du at politikarane skal grillast om?

Dei tre

HAR DU SPØRSMÅL? F.v. Liv Signe Navarsete, Ingrid Heggø og Bjørn Lødemel sit klare i studio onsdag.

Foto: Trond Vestre/Brit Jorun Svanes/Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Programleiar Erlend Blaalid Oldeide hadde med seg Liv Signe Navarsete (Sp), Ingrid Heggø (Ap) og Bjørn Lødemel (H) som svara på spørsmål om kvar E39 skal gå i framtida i Nordfjord.

– Vi har laga til ei spesialsending om E39 der vi veldig gjerne vil sleppe lyttarane til. Vi veit at det er eit kolossalt engasjement om kor E39 skal gå, seier Oldeide.

Du kan også ta debatten i kommentarfeltet under denne saka. NRK Sogn og Fjordane opnar mellombels for innlegg fram til sending og medan E39 er tema i ettermiddagssendinga.

Sendinga var slutt klokka 17.00, og dermed var og sjansen over for dei som ville ha sagt noko om E39 - i denne omgangen.

Vil la lyttarane få ta del

Det er sterke og djupe stridar som går føre seg både internt og eksternt i mange parti.

– Dette har vi lyst til at lyttarane skal få ta del i. Onsdag skal dei få stille spørsmål til politikarane, seier Oldeide.

Han har invitert Sp-leiar Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre og stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet.

– Alle har sitt å svare for når det gjeld E39, seier Oldeide.

Kor skal denne vegen gå?

Og det kan vere mykje artig ein kan ville ha svar på. Til dømes er det ikkje alltid så lett å vite nøyaktig kva politikarane meiner om E39. Til dømes har Bjørn Lødemel (H) snudd.

For eitt år sidan meinte han at å krysse Lote-Anda med bru og la E39 gå tilbake til den nybygde Kvivsvegen, ville vere eit godt alternativ.

Men i februar i år fann Lødemel ut at det var på tide å snu.

Då meinte han at E39 heller bør gå om Stryn. Det vart akkurat sånn passeleg motteke av opptil fleire.

Og når skal svaret komme?

Liv Signe Navarsete har tidlegare sagt at ho ville ha Kvivsvegen som ein del av E39, men no har også ho snudd og går for midtre alternativ gjennom Stigedalen.

Ho vil ikkje lenger ha Kvivsvegen som ein del av E39, men heller få bygd ein parallell til Kvivsvegen med ny bru over Voldafjorden/Austefjorden.

Men om ho klarar å få med seg resten av regjeringa til å komme fram til eit samla standpunkt før stortingsvalet i september, det står att å sjå.

For regjeringa har lova ferjefri E39, men heilt einige om kor bruene skal byggjast, ser dei ikkje ut til å bli.

I april hevda Navarsete at ei avgjerd om E39-trasé skulle komme i løpet av våren. I juni svarte ho slik då NRK spurte om kvifor avgjerda dreg ut i tid.

– Det er viktigare å få ei god avgjerd, enn kva tidspunkt avgjerda vert teken. Det er ikkje teke avgjerd i nokon av dei andre konsekvensutgreiingane (KVU) på Vestlandet heller, bortsett frå Rogfast, som er komme noko lenger i prosessen. Korkje Hordaland eller Møre og Romsdal har fått avklart sine strekningar, så det er ikkje så spesielt som ein kan få inntrykk av, seier Navarsete.

Orkar ikkje drive valkamp

Med knapt ein månad att til stortingsvalet, hastar det dersom Navarsete skal få regjeringa med på ei avgjerd før valet.

Og midt oppi det heile seier no fleire lokalpolitikarar at dei heilt har mista lysta til å drive valkamp, rett og slett fordi dei er lei av å få kjeft i striden om val av E39-trasé.
Det er duka for debatt i onsdagens ettermiddagssending.

Om ein månad kan du bruke stemmeretten din – onsdag kan du bruke spørjeretten din - og ta E39-debatten!

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser