NRK Meny
Normal

Dei vart dei første gjennom bomringen

Medan enkelte kjempa for å bli dei første gjennom den nye bomringen i Førde, meiner andre at det er noko herk å måtte betale for å kome inn til Førde sentrum.

Øyvind Grime, Jostein Vedvik, Mathias Kastet Johnsen og Reidar Fugle Nordhaug ville vere dei første i bomringen rundt Førde.

VILLE VERE FØRST: Øyvind Grime, Jostein Vedvik, Mathias Kastet Johnsen og Reidar Fugle Nordhaug ville vere dei første som køyrde gjennom bomringen i Førde. Dei er positive til Førdepakken.

– Det er ein stor dag fordi vi no kan kome i gang med å realisere alle dei prosjekta vi skal i Førde, men samstundes er bompengar omstridd, så eg trur ikkje vi skal seie det er ein gledas dag, seier ordførar Olve Grotle.

I dag opnar den nye bompengeringen rundt Førde. No skal bompengar vere med å finansiere vegar, gang og sykkelvegar i byen. Trafikkpakken kostar 1,65 mrd. 2015-kroner. Statens vegvesen er byggherre.

Mange med bombrikke

Mange har allereie tatt konsekvensen av den nye bomringen rundt Førde. Til no er det selt 11 000 autopass, 7000 berre dei siste tre vekene.

– Det har nesten vore litt overraskande å sjå kor mange av bilane som køyrer forbi som har skaffa seg autopass allereie, seier Grotle.

Førdeordføraren har i morgontimane tatt oppstilling ved bomstasjonen i angeldalsvegen, som er ein av fem innkrevjingspunkt på innfartsårene til Førde.

– Med dei bilane som har passert her medan vi har stått her, så har eg rekna ut at vi nesten har til ein halvmeter veg, ler Grotle.

Olve Grotle

GLAD FOR BOM: Førde-ordførar Olve Grotle trur Førdepakken blir bra for Førde, og er glad for at innkrevinga av bompengar er i gang.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Noko måtte gjerast

Grotle seier at for å møte den forvente trafikken i Førde var det heilt naudsynt å gjere noko. For trafikantane betyr det altså 12 år med bompengar.

– Allereie i dag er det problem med trafikken om morgonen, og ettermiddagen. Statens vegvesen har fortalt oss at dette er noko som berre kjem til å bli verre. Difor var det naudsynt å gjere noko.

Utfordringane med trafikken har og gjort at store område i sentrum har vore bandlagde slik at ein ikkje har kunna bygge slik ein ønskjer i Førde.

–Det blir og no slutt på. I tillegg til å få ei god trafikkavvikling så får vi og på plass samanhengande gang og sykkelveg, som gjer at Førde vert meir attraktiv også for dei mjuke trafikantane.

– Trur du køyremønsteret kjem til å endre seg?

– Eg reknar med det blir litt mindre trafikk, men samstundes så har ein sette andre stader at køyremønsteret endrar seg i starten, men så går attende til det gamle mønsteret etter ei tid, seier Grotle.

Som vanleg

Ringbussen i Førde markerer dagen med gratis buss. Så langt har dei merka lite til at det no har kome bomring rundt Førde.

Geir Are Strømnæss

GRATIS BUSS: Bussjåfør Geir Are Strømnæss merkar lite til bomringe, trass i at dei i dag lokkar med gratis buss.

Foto: Stein Aase / NRK

– Eg har vel ikkje hatt så veldig mykje fleire passasjerar enn det som er normalt. Det er vel kanskje ikkje alle som har fått med seg at bussen er gratis i dag, seier bussjåfør Geir Are Strømnæss.

– Har du lagt merke til om det er fleire som går og syklar i dag?

–tidleg på morgonen så la eg merke til at det såg ut til å vere ein del fleire som gjekk og sykla, enn det pleier å vere, seier Strømnæss.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.