Hopp til innhold

Dei var med i årets kinofilm

«Få meg på for faen» vart kåra til årets kinofilm under Amanda-utdelinga i Haugesund fredag kveld.

Malin Bjørhovde og Helene Bergsholm

TRUDDE IKKJE PÅ PRISAR TIL SEG SJØLVE: Malin Bjørhovde (t.v.) og Helene Bergsholm.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I konkurranse med «Babycall», «Kompani Orheim» og «Pushwagner» gjekk filmen basert på boka til Olaug Nilssen heilt til topps. Prisen vart delt ut av kulturminister Anniken Huitfeldt.

– Helene bar heile filmen

I takketalen sin sa manusforfattar Jannicke Systad Jacobsen m.a. at Helene Bergsholm bar heile filmen med sitt spel. Produsent Brede Hovland rosa boka til Olaug Nilssen som eit veldig godt grunnlag for manuset til Systad Jacobsen.

Og Marianne Bakke fekk prisen for beste foto for arbeidet sitt med «Få meg på for faen».

I alt var filmen representert med nominasjonar i seks kategoriar.

Trudde ikkje på prisar

Helene Bergsholm frå Førde og Malin Bjørhovde frå Eid hadde ikkje tru på at dei ville vinne Amanda-prisar for høvesvis beste kvinnelege hovudrolle og birolle, og dei fekk rett i det.

Då prisen til beste kvinnelege hovudrolle vart delt ut var det svenske Noomi Rapace som fekk Amanda-figuren i hendene. Helene Bergsholm var så sikker på at det kom til å gå den vegen at ho ikkje hadde førebudd nokon takketale.

Helene Bergsholm og Noomi Rapace var dei einaste som var nominerte til beste kvinnelege hovudrolle. Den kjende svenske skodespelaren fekk prisen for rolla si i "Babycall".

(Artikkelen held fram under biletet).

Helene Bergsholm skriv autograf

MØTTE FANS: Helene Bergsholm skreiv autograf før showet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Heller ikkje Malin Bjørhovde nådde opp då prisen for beste kvinnelege birolle vart delt ut. Prisen gjekk til Cecilie A. Mosli for hennar rolle i "Kompani Orheim".

Men Helene Bergsholm og Malin Bjørhovde fekk æra av å dele ut kveldens siste pris før æresprisen: Prisen for beste regi. Den gjekk til Joachim Trier for «Oslo 31. august».

Helene Bergsholm og Malin Bjørhovde deler ut pris

FEKK DELE UT PRIS: Helene Bergsholm og Malin Bjørhovde.

Foto: TV2