Hopp til innhold

Dei var først ut på den nye vegen

SANDE (NRK): I nær tre timar utsette dei heimreisa til Haugesund frå Førde for å kunne køyre på den nye E39 ved Sande. Som løn for ventinga vart dei først i køen.

Turid Henriksen var først ute på nyevegen.

FØRST: Turid Henriksen frå Haugesund er van med å køyre gjennom Sande på E39. Ho har sett fram til at den nye vegen skulle kome på plass.

Foto: Åsta Urdal

– Vi kom litt over ti, og måtte få med oss dette. Det er ikkje kvar dag dette skjer, seier Turid Henriksen frå Haugesund.

Med seg i bilen på veg heim har ho barnebarnet Arvid. Dei har vore på ferietur i Førde og var klare til å reise heim, og kunne ikkje gå glipp av vegopninga.

– Dette er stort. Eg ser på folk at det er stort. Og vi har køyrt den gamle vegen mange gonger, så er skjønar godt at det er kjekt å få fy, seier Henriksen.

På veg på den nye vegen.

PÅ VEG: Her susar Turid Henriksen som første sjåfør på den nye asfalten ved Sande i Gaular.

Foto: Åsta Urdal

Gler seg til det blir stilt

Og for folk i Sande er det verkeleg ein merkedag. I over to år har det blitt arbeidd med å få på plass dei ni kilometerane med veg. Bodil Øvretveit er ein av dei som bur tett på Sande sentrum og har trafikken susande forbi til alle døgnets tider. Ho gler seg til at det blir stilt.

– Eg må gråte litt i dag. Det skal bli herleg å sitte i hagen, og prate i lag. Det blir så stilt og fint. Det har vorte meir og meir trafikk og på dagtid har det vore nokre år der vi ikkje har høyrt elva på dagtid, seier Øvretveit.

I dag skal ho nyte stilla og er ikkje redd for at det blir for stilt når trafikken no blir leia ut av sentrum.

– Bygda er så levande, Sande er ein så fin plass å bu på. Det er alle desse ferjekøane og tungtrafikken vi ikkje vil ha.

Ein stolt ordførar i Gaular etter at folket på Sande har fått E39 utanom sentrum.

VENTA: Ordførar i Gaular Mathias Råheim (H) har venta lenge på denne dagen.

Foto: åsta Urdal

Også ordførar i Gaular, Mathias Råheim (H) er det ein dag han har sett fram til.

– Det viktigaste har vore å få lagt vegen utanom sentrum. Det har vore trafikkfarleg og veldig mykje trafikk kvar dag. Dette er ein stor dag, det må eg seie. Det har vi venta på i titals år.

E39 Sande opning
Foto: Åsta Urdal / NRK