Hopp til innhold

Dei var dei rare i klassen som fann kvarandre - no lever dei livet i lag i London

Dei kjende seg annleis kvar for seg, og var dei «rare» i klassen, men då dei var 14 år fann dei kvarandre. I London har Jostein og Mariell funne sin plass, og her lar dei kreativiteten blomstre.

Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland

KVARDAG: I London har Mariell Øyre frå Øvre-Årdal og Jostein Avdem Fretland frå Lærdal funne seg godt til rette. Her ventar dei på toget som skal ta dei heim til leilegheita aust i London.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Jostein Fretland og Mariell Øyre

FORELSKA: Dei var 14 år då dei trefte kvarandre. Sidan har dei vore i lag.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi er dei rare i klassen som fann kvarandre, smiler Mariell Øyre (24). Ho snakkar om seg sjølv og kjærasten Jostein Avdem Fretland (24).

Langs Regents-kanalen i aust-London traskar dei to indresogningane ofte. Her er det bilfritt. Syklistar og barnevogner sneier forbi på den smale vegen.

– Vi har eigentleg alltid tenkt at vi skulle til London. Og då Jostein kom inn på masterstudiet vart det ein enda større grunn til å reise.

Ein «øvring» og ein «lærdøl»

Leilegheita til Jostein og Mariell

PYNT: I stova i leilegheita har viktige personar fått plass på veggen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

No har tre år gått sidan dei tok med seg, ifølgje paret sjølv, 120 kilo bagasje på flyet over til den britiske øya.

– Det går veldig bra. Ein vert aldri lei. Her er alltid nye gater og nye ting å utforske. Ein kan vel seie at vi lever livet her i London, seier dei.

Mariell fotograferer, skriv blogg og driv litt med webdesign. Jostein skriv, er omsetjar og komponist. Leilegheita deira ved New Cross i London er prega av at to kreative sjeler bur der.

Etter 10 år som kjærastar er dei framleis like forelska. Blikka dei to indresogningane sender kvarandre er ikkje til å ta feil av, og i fire år har dei no vore forlova. Neste år vert det bryllaup. Mariell er det Jostein kallar «øvring», altså ein person frå Øvre-Årdal. Sjølv er han lærdøl.

– Vi møttest på internett. På MSN, fortel Jostein.

– Vi fekk vite om kvarandre via ei felles venninne. Vi prata ein del på telefon og på internett heile dagar og netter i ei æve før vi trefte kvarandre, seier Mariell.

Då tok ho turen på UKM der Jostein stod på scena. Han hadde langt lyst hår med midtskil.

– Veldig søt, smiler Mariell som tenkjer tilbake til då dei var 14 år.

Vennane vi har fått i London er dei same type folka som vi var, men berre i andre klasserom og i andre bygdesamfunn. Dei litt rare, og som ikkje passa inn. Så flyttar ein til London og blir venner med kvarandre.

Mariell Øyre

Bagasjen frå Sogn skil dei ut i mengda

Livet i London har dei levd i tre år. Dei flytta ikkje hit for å lettvinte løysingar, noko dei heller ikkje har fått. Dei har opplevd mykje og fått masse nye vener i landet på andre sida av Nordsjøen. Dagane er travle, men det er akkurat det dei vil ha.

– No har vi det livet vi såg for oss då vi var 17 år og hadde lyst til å bu i London. Og det kjenst ganske bra, seier Mariell. Likevel har dei sterke røter i Sogn. Mariell i Øvre Årdal og Jostein i Lærdal.
– Det er utruleg godt å kome heim. Ein får pusta ut, seier dei.

Bakgrunnen deira frå småbygdene langs Sognefjorden skil dei ut frå mengda i mylderet av alle kunstnarar i London.

– Vi er nok blitt mykje meir klar over kven vi er og bakgrunnen vår etter at vi flytta hit, fortel Jostein.

– Vennane vi har fått i London er dei same type folka som vi var, men berre i andre klasserom og i andre bygdesamfunn. Dei litt rare, og som ikkje passa inn. Så flyttar ein til London og blir venner med kvarandre, smiler Mariell. Mange av vennane i London er nordmenn.

Sine eigne sjefar med strenge rammer

Mariell Øyre og Jostein Fretland

SINE EIGNE SJEFAR: Det må strenge rutinar til i frilansar-heimen til Mariell og Jostein.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Til trass for å vere frilansarar begge to, kan Jostein fortelje om ei streng arbeidstid, men med lange morgonrutinar.

– Vi står opp i åttetida. Då er vi i gong med arbeidet til klokka er ti og jobbar til klokka er seks med ei inkludert lunsjpause. Klokka seks har vi strengt forbod mot å jobbe meir. Då skal vi skru av arbeidet og opne hovudet for andre ting, fortel Jostein.

Dei har òg testa å jobbe på og av heile døgnet, men lærte fort at det blei veldig kaotisk.

– Det er med andre ord veldig bra å ha strenge rammer sjølv om du er din eigen sjef, kan Jostein konkludere med.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mariell Øyre og Jostein Fretland

HAND I HAND: Dei vert aldri lei av å vandre i gatene i London. Det er alltid noko nytt å utforske, seier dei.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Arbeider i Norge, men bur i London

Som frilansarar har dei difor fått moglegheita til å bu og arbeide frå London sjølv om arbeidsgjevarane sit i Norge.

– Som omsetjar er det mykje etterspurnad etter engelsk til norsk-omsetjing og konsulentoppdrag på engelske tekstar for norske og internasjonale selskap. Som forfattarar skriv vi jo på norsk, og då er det sjølvsagt Norge som er marknaden, seier Jostein.

Mariell legg til at dei i grunn ikkje har planlagt vegen dit dei er i dag. Det har berre blitt slik. Jostein nikkar.

Bøker, leilegheit i London

FARGESORTERT: Bokhylla til paret er sortert etter fargar. Men Jostein tykkjer det er vanskelegare å finne bøkene han leitar etter. Mariell er glad i ting av gull, og gullskoa har fått sin plass i hylla.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi har berre norske arbeidsgjevarar. Det er ein veldig heldig situasjon å vere i, fortel Mariell. Paret både bur i lag og jobbar nærast oppå kvarandre.

– Vi er veldig ærlege. Ein blir fort veldig open om alt. Vi seier ifrå om vi vil at den andre skal ha seg ut, seier Jostein.

Mariell fortel at dei difor ikkje kan ta seg nær av ting.

– Ein må ha høgaste respekt for kvarandre sin rett til rom. Men det er dette som er livet vårt. Vi kjenner jo ikkje til noko anna. For oss har det berre handla om å få modellen til å fungere. Vi jobbar heime begge to, og det er slik det kjem til å vere om vi får det slik vi ønskjer, seier ho.

Ny roman på veg

Jostein Avdem Fretland

HEIME: I London kjenner Jostein og Mariell seg heime, men likar godt å ta seg ein tur til Sogn inni mellom òg. Her i parken like utanfor leilegheita deira.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Dei to har mange framtidsplanar. Men ser sjølve at om ein legg planar, kan ein ende opp med noko heilt anna, utan at det gjer noko.

– Når ein skriv bøker lever ein litt i framtida. Fordi det tek tid å skrive bøker, så ein må planleggje for å faktisk få tid.

Det unge paret har allereie fått tid til å skrive og gje ut ei bok i lag. Den kom ut hausten 2013 med tittelen "& me skal bli omskapte". No er dei i gong med skrivinga på sin andre roman. I tillegg skriv Jostein på ei lærebok.

– Vi er enda tidleg i prosessen. Men i boka følgjer vi to historier. Ei dame flyttar til ei lite bygd, og går aldri ut om dagen. Den andre historia går føre seg på Island for mange, mange år sidan. Så det er då dei to ulike historiene som vi følgjer i boka, fortel Jostein.

Elles jobbar dei kvar for seg med sine ting.

– Vi spør alltid kvarandre, høyrer på kvarandre og evaluerer for kvarandre. Sjølv om du er den einaste som gjer jobben, så er det fint å få tilbakemelding frå ein som er tilgjengelege heile tida.

Jostein er i desse dagar aktuell med ei omsetjing av ein opera. Han har nemleg omsett den italienske operaen "i puritani" til nynorsk. 1. oktober har den premiere på Opera Nordfjord på Nordfjordeid. Men her har Mariell vore lite delaktig, og ho gler seg til å sjå resultatet.

Vert inspirert av folk sine kafesamtalar

Når du er avhengig av å vere kreativ kan du ikkje berre vente på at inspirasjonen blir vaska over deg.

Mariell Øyre

Kreativitet står høgt i heimen til Øyre og Fretland. Inspirasjon er ikkje noko ein hentar, meiner Mariell. Det er berre noko du får ved å setje deg sjølv i situasjonar der du kan bli inspirert, men når du er avhengig av å vere kreativ kan du ikkje berre vente på at inspirasjonen blir vaska over deg, seier ho.

– Ein må på ein måte lære seg å sjå føre seg livet enn å vere ein utolmodig kunstnar som treng å vere inspirert heile tida.

– Inspirasjon er overalt og ingen stader. Du veit aldri når du får ein ide, seier Jostein.

Kafélivet freistar i London. På sine mange besøk på kafear i storbyen hender det at dei overhøyrer samtalar som er av interesse.

– Eg tenkjer ofte; dette forholdet interesserer meg og så skriv ein gjerne noko som er inspirert av det. Eller eg ser ein mann på gata som ser interessant ut, så har du plutseleg ein romankarakter som ser heilt lik ut, forklarar Mariell.

Men sjølve ideen til ein roman har dei ikkje svara på kor dei hentar. Det kjem litt av seg sjølv.

– Det handlar ofte om at det er noko du har lyst til å finne ut meir om og lære meir om. Ei kjensle eller ei spenning, og så stupar du inn i materialet og ser kva som dukkar opp, seier Jostein.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jostein Avdem Fretland og Mariell Øyre

LYTTAR PÅ KAFE: På kafe overhøyrer dei ofte samtalar som dei tykkjer er interessante og som dei brukar i tekstane sine.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Kontrastar mellom to liv

– Kjem de til å bli verande lenge i London?

– Ja, det er her vi bur no. Men det er litt vanskeleg å forklare til dei eldre slektningane våre, som syns det er på tide vi flyttar heim. For nordmenn er det veldig vanleg å flytte ut å bu ute i eit par år for å oppleve eit par ting, og så flytte heim att. Det er modellen for mange vi kjenner. Men no kjenst dette som heime for oss, men på ein anna måte.

Sjølv om dei er i fred med å slå røter i storbyen, reiser dei ofte heim til Sogn. Men når dei er i London koplar dei av frå alt som skjer heime for å fokusere på det dei skal lage.

– Det er i kontrasten mellom dei to liva at det interessante skjer. Det travle bylivet og det stille livet i eit hundre år gamalt hus. Det er veldig fint å kunne leve eit liv med så høg kontrast, fortel Mariell.

Jostein seier dei har den dualiteten i seg og den finst i alt som dei lagar.

– Det er ein perfekt situasjon for oss å vere såpass fri at vi kan vere her når vi vil, og så reise heim og vere i Sogn og Fjordane ein månad her og ein månad der. Det er verkeleg det livet vi har lyst til å ha. Å kunne ver såpass mykje heime er veldig viktig for oss. Både som menneske, men òg kunstnarleg med tanke på å ha den kontrasten i livet.

– Men førebels ser det ut til at framtida er her i London, seier dei.

Jostein Fretland og Mariell Øyre

FRAMTIDA I LONDON: Kontrasten mellom livet i London og heime i Sogn er stor, men dei likar begge deler på kvar sin måte. Framtida ser dei likevel føre seg i London.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK