Hopp til innhold

Jon-Herman sin innsats lovar godt for framtida for skytesporten

Medan seniorane svikta når det verkeleg gjaldt, så gror det godt på rekrutt- og juniornivå i skytesporten. Vi har ei lysande framtid i møte, meiner skyttarleiar.

Jon-Hermann Hegg

VANN FOR ANDRE GONG: Jon-Herman Hegg frå Borgund har vunne klassen for eldre rekrutt to år på rad, og er rekna som eit stortalent.

Foto: Jørn Njøs

Fleire sigrar og medaljer kunne dei yngste av dei aktive skyttarane i Sogn og Fjordane ta med seg heim frå landsskyttarstemna i Sandnes som blei avslutta fredag kveld.

– Det er dei aller beste i alle klassar som møter. Når vi har så mange i toppen, så er dette eit landssyttarstemne som eg er svært nøgd med. Ungdomane våre står jo i ein særklasse denne gongen, men totalt sett så er det veldig mykje bra, seier krinsleiar for skyttarane, Knut Grinde.

Dei beste seniorane frå fylke slo på ingen måte til med gode resultat i Sandnes. Vegard Solhaug frå Aurland var på førehand ein soleklar favoritt til å kome på kongelaget. Men eit sluttresultat på 341 poeng er langt under pari for Solhaug.

– Ein ting er no at vi som er interessert i skyting er litt skuffa, men det er jo ikkje tvil om at vi har ein del av seniorskyttarane våre som er veldig skuffa. Må ganske nemne Vegard Solhaug, som vann Norgescup-stemn rett før med 349 poeng. Han fekk berre 341 poeng og er nok temmeleg skuffa, seier Knut Grinde.

Men krinsleiaren ser ingen grunn til å henge med hovudet av den grunn. Han trur Solhaug og dei andre seniorane vil kome sterkare tilbake. At det kjem unge stortalent bak er sjølvsagt berre positivt, meiner Grinde.

– Det lovar veldig bra, men det vi veit er at ein del dett frå. Det er så mykje som skjer i overgangen mellom særleg junior og senior, så vi kan ikkje rekne med at alle som er med no kjem til å halde fram. Det krev meir og meir trening for å hevde seg i seniorklassane.

Vegard Solhaug

BOMMA: Vegard Solhaug hadde ikkje noko godt landsskyttarstemne. Med berre 341 poeng var han langt unna ein plass på kongelaget.

Foto: Sondre Dalaker / NRK