Tema for debatten, som blir sendt direkte på radio og nett-TV, er den vidaregåande skulen. Eit heilt sentralt spørsmål er kva som er framtida for skulane i Sogn og Fjordane, særleg sett i lys av den opprivande debatten om skulane i 2013.
Debatten om vidaregåande opplæring vil kome på ny, då elevtalet held fram med å gå nedover og fylkeskommunen skal kutte millionar, også innan opplæring.
I sommar stod om lag 150 elevar utan lærlingplass. No er talet nede i om lag 80. Kva vil politikarane gjere med denne situasjonen? Vi skal og diskutere fritt skuleval, og elevar ved Stryn Vidaregåande skal stille spørsmål om det dei lurer på.
– Debatten er open for alle, og vi vonar at flest mogleg tek turen til Stryn vidaregåande skule for å vere publikum. Med så mange dyktige ungdomspolitikarar klare, vil det bli ein spennande time med viktige politiske spørsmål, seier debattleiar Silje Guddal.