Hopp til innhold

Dei treng to dagar med opplett

Kunstgraset på Hafstad Idrettspark i Førde er kome på plass. Det er ikkje sanden og gummien som må til for at banene kan takast i bruk. No treng dei eit anna vêr enn det som er meldt.

Kunstgras på Hafstad Indrettspark

GRASET PÅ PLASS: Kunstgraset på dei to banene er ferdig limt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Prosjektleiar Per Øyvind Storevik seier dei kryssar fingrar for at yr.no tek feil i vêrmeldingae sine for dei komande dagane.

– Hadde vi fått opphaldsvêr torsdag og fredag skulle det meste ha vore gjort.

– Mot alle odds

No står tonnevis med sand i store sekkar og ventar langs dei to kunstgrasbanene. Det er det nederlandskeigde firmaet Desso som gjer arbeidet, og dei har ikkje akkurat vore heldige med vêret i haust. Likevel er ikkje arbeidet særleg mykje etter ruta.

– Det er eigentleg mot alle odds at vi har kome så langt som vi har, og no må vi vel greie resten og, vi er optimistar. Det er og dei som gjer arbeidet. Dei er ferdige med å lime kunstgraset.

Dersom vêret ikkje set stoppar for arbeidet kan Førde-fotballen snart få treningstilhøve som gjer at laga slepp å reise land og strand for å få trene. Med opprykket til 2. divisjon for herrelaget er dei nye banene svært viktige, og dei er ein føresetnad for at Knut Erik Folland held fram som trenar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Førde stadion og Hafstad idrettspark frå Hafstadkleiva

SLIKT VÊR VIL DEI HA: Her ser vi Hafstad Idrettspark på høgre sida av Jølstra, før grasdekket var lagt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Litt bekymra for snø som blir liggande

Det verst tenkeleg scenariet for Hafstad Idrettspark er at det kjem snø som blir liggande lenge, og sjølv om han seier han er optimist, går Storevik med ein liten porsjon uro.

– Vi er litt bekymra, for vêrutsiktene er ikkje dei beste.

I tillegg til å legge sand og gummi står det att å få opp lys, og i tillegg skal grunnvarmen koplast til. Lyskastarane er komne til Førde, det same er nokre av mastene. Kunstgraset er av same typen som er lagt på Fosshaugane Campus i Sogndal.

Hafstad Idrettspark - sandsekkar

TONNEVIS MED SAND: Sekkane med sand står og ventar på tørt vêr.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK