Hopp til innhold

Hjelpte kreftråka då han oppfylte sin eigen draum

Jotunheimen Rundt vart eit blodslit. Men eit blodslit som gir Vegard Skjeldestad ei svært god kjensle.

Vegard Skjeldestad

SYKLA: Vegard Skjeldestad er mest kjend for tida som fotballkeeper. Denne helga har han lagt bak seg kring 22 timar, 430 kilometer og 4.609 høgdemeter på sykkelsetet. – I dag skal vi vere stolte av oss sjølve, seier han med klar tilvising til heile laget på 20 syklistar.

Foto: Helge Nesse Slinde

Saman med 19 andre sykla den tidlegare fotballkeeperen dei 430 kilometerane til inntekt for ei aktivitetssamling for unge kreftråka.

– No er vi oppe i 118.000 kroner, men vi har lovnader som gjer at vi er oppe i 150.000 kroner. No både håpar og trur eg at vi skal klare 200.000 kroner, seier ein tydeleg sliten Vegard Skjeldestad.

– I dag skal vi vere stolte

Startskotet for eit av landets tøffaste sykkelritt gjekk i Lærdal fredag ettermiddag. Etter kring 22 timar på sykkelsetet og 4.609 høgdemeter var det ein sliten gjeng som i dag kryssa målstreken i Sogndal.

Sistemann brukte 27,5 timar på løypa. Sjølv om alle er i mål, held innsamlinga fram.

– Det har vore verdt kvart eit tråkk. I dag skal vi vere utruleg stolte av oss sjølve. Det er ei heilt suveren kjensle no, seier Skjeldestad som sjølv fekk konstatert blodkreft som 12-åring.

Han er vel klar over kva glede ei slik aktivitetshelg gir kreftråka. Han var der sjølv.

Kunne ikkje gjere alt

– Slike pustehol i kvardagen betydde mykje. Ein trefte likesinna, var med familien og trefte andre familiar som forstod kva ein gjekk igjennom. Det var ei lette i ein elles tung kvardag, seier han.

For det er ikkje lett å så vidt vere i gang med livet og bli råka av ein så alvorleg sjukdom.

– Eg måtte omstille meg, men prøvde å gjere det som andre gjorde. Det var ikkje alt eg klarte og kunne gjere. Spele fotball gjorde eg ikkje på to år, men eg var der då laget spela, seier han.

Fekk ideen i fjor

Ideen om å hjelpe kreftråka medan han oppfylte sin eigen draum om å sykle Jotunheimen Rundt, fekk på sykkelsetet over Vikafjellet i fjor. Syklistane starta førebuingane i spinningsalen i januar. Sykkelturane vart lengre og lengre etter kvart som dei flytta ut på landevegen.

I dag sykla dei bokstaveleg tala i mål.

– Det vart ei fantastisk oppleving og det gjekk mykje betre enn vi håpa på. Men eg må vedgå at vi var ute på tynn is i løpet av natta, seier Skjeldestad.

– Men samspelet i gjengen, kapteinar og støtteapparat gjorde ein framifrå jobb, legg han til.

– Gjer de dette igjen?

– Det blir vel det om ein spør dei eg syklar med, men det hadde vore moro å fått til att. Eg har ikkje tenkt på det. No skal vi bruke ferien på å finne ut kva vi skal finne på, så skal vi finne ei helg som passar for flest mogleg.