Hopp til innhold

Dei tente ti gonger så mykje i fjor

Verksemda Stadpipe i Selje tidobla resultatet sitt i 2016, skriv Fjordenes Tidende. Industrirøyrleggarane på Stadlandet lagar røyr og har no oppdrettsnæringa som sin største kunde. Verksemda har også dobla omsetnaden, frå 34,6 millionar kroner i 2015 til 61,9 millionar kroner i fjor, skriv avisa. Dagleg leiar Nils-Per Sjåstad (bilete) seier dei siktar mot same omsetnad i år.

Nils Per Sjåstad
Foto: Silje Guddal / NRK