Dei tek vare på dei gamle bryggetradisjonane

HORNINDAL (NRK): Moderne ølbrygging har skote fart dei siste åra. Vil dette øydelegge for dei elgamle bryggetradisjonane?

Lars Andreas Tomasgård og Tom Øyvind Solheim

BRYGGAR ØL: Lars Andreas Tomasgård og Tom-Øyvind Solheim har ein felles hobby begge gler seg over.

Foto: Harald Kolseth / NRK

I ei gamal stove på garden Tomasgard i Hornindal, klirrar det i ølflasker. Lars Andreas Tomasgård og Tom-Øyvind Solheim viser fram ølet dei har laga til jul.

– Seks sortar har det blitt så langt i år. Sju om vi tar med kornølet, fortel Tom-Øyvind.

Ølbrygging i Hornindal

HEIMELAGA: Flaskene har både etikettar og skikkelege korkar.

Foto: Harald Kolseth / NRK

På etikettane står namn som «Honndalstaus» og «Svortegrova porter».

– Vi fann ut at i tillegg til tradisjonsbrygget, måtte vi prøve nye måtar å lage øl på.

Tradisjonsbrygget han snakkar om er kornøl. Det har tradisjonar heilt frå vikingtida. Hornindal er den fremste kornølbygda i Sogn og Fjordane. Men no har nye sortar blitt populære å lage heime.

Populær hobby

Lars Andreas fortel at å lage øl er ein av Norge mest populære hobbyar. Men korleis lagar dei det moderne ølet? Slik forklarar han framgangsmåten.

– Vi koker vørteren i 60 minutt og tilset humle på forskjellige tider, etter koking og etter gjæring. Vi brukar forskjellige råvarer og blandar i malt. Dermed kan du få mellom 50 og 100 ølsortar på same framgangsmåte med forskjellige reseptar.

– Kor mykje lagar de?

– Eitt brygg er om lag 20 liter. Det er ikkje mykje når vi samanliknar med den gamle tradisjonen. Då snakka vi om minimum 150 liter, og gjerne opp mot 300 liter om gongen.

Sidan det å lage øl på nyemåten er ein enkel prosess, er det noko folk kan gjere heime på kjøkenet sitt.

– Ja, det kan dei. Dette kan kven som helst lage heime i små kvantum.

No er dei i gang med siste innspurt. Det skal bli ein IPA – indian pale ale.

– Det er mykje humle i den. Vi brukar tre ulike sortar, to under koking og ei humle under gjæring. Det blir spennande å sjå korleis den blir.

Ølbrygging i Hornindal

PÅ FLASKER: Lars Andreas Tomasgård og Tom-Øyvind Solheim med nokre av sortane dei har laga.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Trur tradisjonane held seg

Men sjølv om det har blitt populært å lage øl på nyemåten, trur ikkje dei to karane at det vil øydelegge for den gamle og stolte ølbryggertradisjonen.

– Nei, det gjer ikkje det. Det er eit supplement, og det er framleis mange som held på med den eldste måten å bryggje på, seier Lars Andreas.

– Trur du det er nokon som er uroa for at det gamle ølet skal bli mindre populært å lage?

– Nei, det trur eg ikkje. Det har så sterke tradisjonar, og no har vi fått ein norsk kornøl-festival som sikkert blir ein tradisjon, så er interessa større enn nokon gong.

– Smak framfor mengde

Begge er samde i at å lage øl er veldig kjekt og at det er ei gryande interesse for både gamle og nye metodar å lage det på.

– Eg kan diskutere både kornøl og andre typar øl med mange av kompisane. Det er ein hobby du aldri blir ferdig med, for du kan diskutere, spekulere og utvikle deg, seier Lars Andreas.

Han seier at trugsmålet mot kornølet var større på den tida butikkølet kom og folk kjøpte ølet sitt der.

– No er folk meir opptekne av korleis øl blir laga og korleis smakane er. Vi har fått ein endra drikkekultur, der mange drikk mindre mengder og er meir opptekne av smakane, meiner han.