NRK Meny
Normal

Dei tek ti års skulegang på berre to år

FØRDE (NRK): Første semester rasar dei gjennom pensum frå 1. til 4. klasse. Ungdomsskulen tek dei på eitt år.

Elevane ved Førde norsksenter tek ti år med frunnskuleopplæring på to år.

INTENSIVT: Kvar fredag har elevane vekeprøve, der dei må vise at måla for veka er nådde. Diktat, gloseprøver og oppgåver om norsk geografi og klima er noko av det dei har brynt seg på i første semester.

– Eg har fem born og alle går på norsk skule. Eg har ingen kunnskap om norsk skule og korleis systemet fungerer her, og eg vil hjelpe borna mine, seier Leila Samatar frå Somalia.

Ho starta på den intensive grunnskuleopplæringa ved Førde Norsksenter i august. Etter berre nokre månadar snakkar har godt norsk og har klare mål for kvar ho skal vere om to år, når ho er ferdig med norsk grunnskuleopplæring.

– Eg vil gå vidare til vidaregåande skule, og så vil eg bli lærar. Eg likar å vere der borna er og er glad i å hjelpe til, seier ho.

Varierande tilbod

Alle vaksne som er over 16 år og ikkje har fullført grunnskule, har krav på slik opplæring. Tal frå Utdanningsdirektoratet synte at det hausten 2015 var om lag 7500 vaksne i ordinær grunnskuleopplæring. Av desse var 93 prosent minoritetsspråklege. Det varierer korleis kommunane vel å løyse denne plikta.

Ørjan Igelkjønn er lærar ved norsksenteret i Førde.

UTFORDRANDE: Ørjan Igelkjønn og dei andre lærarane ved Førde norsksenter slit med å finne lærebøker som er tilpassa vaksne, spesielt på nynorsk.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Første halvår går vi gjennom pensum frå 1 til 4. klasse. Andre halvår femte til sjuande, og siste året er det på 8. til 10 klasse, fortel Ørjan Igelkjønn, som er ein av lærarane ved Førde Norsksenter.

Han innrømmer at for nokre av elevane kan det vere stritt med eit så intensivt opplegg, men at dei er motiverte for å nå måla sine.

– Dei fleste vil ta vidare utdanning i Noreg.

Set seg store mål

Ein av dei er Iman Ibrahim.

– Eg har to born og vil gjerne vite kva dei skal ha på skulen og hjelpe dei. Og så har eg lyst å gå vidare og bli lege, seier 28-åringen.

Iman Ibrahim ved Norsksenteret i Førde.

VANSKELEG: – Naturfag er vanskeleg, for det er så mange nye norske ord, seier Iman Ibrahim.

Foto: Ahmad Dean / NRK

I klassane er det stor variasjon i både norskkunnskapar og andre ferdigheiter, men alle skal gjennom pensum. Samfunnsfag, naturfag, matematikk, naturfag og norsk står på timeplanen dei 30 timane dei er på skulen i veka. Både elevar og lærarar er tydelege på at utdanninga dei får i løpet av dei to åra er særs viktig, og dannar grunnlag for å klare seg i det norske samfunnet.

– Naturfag i Noreg er veldig annleis enn naturfag i ein anna verdsdel. Og så har vi mykje data, og digital kompetanse er viktig for å få seg jobb her, seier Igelkjønn.

Leila Samatar innrømmer at det ikkje alltid er lett å halde følgje i timane, men skal gjere sitt beste for å klare å stå på alle prøvene slik at ho kan ta meir utdanning.

– Om ein har store mål, så kan ein gjere akkurat det ein vil.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.