Hopp til innhold

Dei tek i mot ris og ros om NRK

Eit nytt distriktsprogramråd i Sogn og Fjordane har nettopp hatt sitt første møte. Dei skal i fire år framover følgje distriktskontoret ekstra tett.

Distriktsprogramrådet for Sogn og Fjordane 2015 - 2019.

NYTT RÅD: : Dei høyrer meir enn gjerne frå deg om du har ris eller ros om NRK Sogn og Fjordane. Bak frå venstre: Karoline Bjekeset (Sp), Bjørn Harald Haugsvær (KrF, varamedlem), Ingvar Torsvik Myrvollen (H) og Tore Storehaug (KrF). Framme frå venstre: Magne Årdal (SV), Eldrid Skudal (SV, varamedlem) og leiar av rådet Monika Oppedal (Ap)

Foto: Oddleif Løset

– Det er ikkje vår rolle å vere som Pressens Faglege Utval (PFU), men samstundes er vi opptekne av korleis NRK Sogn og Fjordane står fram, seier leiar i distriktsprogramrådet, Monica Oppedal.

Det er Kringkastingslova som fastset at det skal vere eit folkevalt råd for kvart distriktskontor, og det vert utnemnt av fylkestinget for fire år om gongen. Oppedal får følgje i rådet av Tore Storehaug (KrF), Karoline Bjerkeset (Sp), Magne Årdal (SV) og Ingvar Torsvik Myrvollen (H). Som varamedlemmar finn ein Bjørn Harald Haugsvær (KrF) og Eldrid Skudal (SV).

Distriktsprogramrådet skal uttale seg om hovudlinene i programverksemda til distriktskontoret og om dei programsaker som vert lagt fram av NRK. Rådet skal vere eit bindeledd mellom NRK og lyttarar og sjåarar.

Sei di meining

– Folk tek nokre gonger kontakt. Det kan vere at dei meiner ting har vorte feil vinkla eller liknande. Det er ikkje vår rolle å ta stilling til det, men om det kjem inn noko, så tek eg det vidare, seier Oppedal, som også var leiar av rådet sist periode.

Rådet har fire møter i året, og er samansett av medlemmar frå ulike politiske parti, men er ikkje eit politisk organ.

– Vi er opptekne av å gje konstruktive tilbakemeldingar. Mellom kvart møte er det ein i programrådet som har spesielt ansvar for å følgje med på sendeflata og kome med tilbakemelding på det som NRK Sogn og Fjordane gjer, utdjupar Oppedal.

Dersom du er misnøgd eller glad for saker og program som NRK Sogn og Fjordane har laga, er det naturleg å ta det opp med leiinga av distriktskontoret. Men du kan også klage/rose til distriktsprogramrådet.

E-postadressa til leiar Monica Oppedal i distriktsprogramrådet er monica.oppedal@dna.no.