Hopp til innhold

Ungar om kjeft og banning på bana: «Det gjer berre sånn at andre vert lei seg og føler seg dårleg»

FØRDE (NRK): Førde sine 3. divisjonsspelarar banna og slengte med leppa til dei unge ballgutane. Sjølv meiner 11- og 12-åringane at banning ikkje høyrer heime på bana.

Tine fotballskule Førde

VIL IKKJE BANNE PÅ BANA: Thorbjørn Fossum Lillesvangstu (f.v.), Oscar August Sørheim, Gard Tillung, Ola Fristad Fossedal og Thomas Svoen meiner banning og rasisme er blant det som ikkje høyrer heime på fotballbana.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

Språket nokre av Førde-spelarane brukte mot dei 12 år gamle ballgutane under kampen mot Vardeneset i helga har opprørt fleire foreldre. «Gje meg ballen, for faen» og «hit med ballen, din jævla treging» er blant det som skal ha blitt sagt.

I Hafstadparken i Førde deltek kring 60 11- og 12-åringar denne veka på Tine fotballskule. Gutane vi snakka med, er klare på kva som er greitt og ikkje greitt på fotballbana.

Banning og rasisme er blant det gutane trekker fram som noko som ikkje høyrer heime på fotballbana. Thorbjørn har ikkje lyst til å kome med døme på kva ord dette kan vere.

– Eg har ikkje lyst å seie dei, det er litt 18+. Då er det ukomfortabelt å seie dei.

– Passar det seg då å seie dei på fotballbana?

– Nei, det gjer det ikkje. Det gjer berre sånn at andre vert lei seg og føler seg dårleg, seier Thorbjørn.

Gutane meiner det er betre å gje kvarandre kompliment, og oppmuntre dei som kanskje ikkje spelar så godt.

– Til dømes om nokon bommar kan du seie «synd, neste gong set du den», seier Oscar.

Tine fotballskule Førde 2

VIL OPPMUNTRE KVARANDRE: Gutane på fotballskulen seier at å gje kvarandre kompliment er betre enn å kalle kvarandre stygge ting.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

Vil skape gode opplevingar

Elias Øvretveit Larsen er A-lagsspelar for Førde og ein av trenarane på fotballskulen, han seier at respekt og Fair Play er noko dei fokuserer på.

– Alle skal gå frå Tine fotballskule med ein god følelse, og det skal vere ei kjekk oppleving for alle. Då er det viktig at vi behandlar kvarandre med respekt, og har fokus på Fair Play, seier han.

Øvretveit Larsen fortel at fotballskulen ikkje stiller nokon fotballmessige krav til ungane, men er opptekne av at dei er snille med kvarandre og seier ifrå om dei opplever noko som er urettferdig.

– Dei som spelar fotball for å bli gode får den treninga dei treng på dei treningane dei går på frå februar til sommarferien, så her handlar det eigentleg berre om å skape gode opplevingar og samhald i gruppa.

Utklipp frå Facebook

STERK REAKSJON: Dette innlegget på Facebook har opprørt mange dei siste dagane.

Foto: Utklipp

– Fair Play er god folkeskikk

Krinsleiar for NFF i Sogn og Fjordane Robert Endestad synest klubbane i fylket stort sett er gode på Fair Play, sjølv om uheldige episodar kan oppstå. Endestad synest det er bra om fotballskular set fokus på Fair Play, men meiner at det er enda viktigare at eldre spelarar, trenarar og foreldre står fram som gode rollemodellar i praksis.

Robert Endestad

STORT SETT GODE: Krinsleiar Robert Endestad i NFF synest klubbane i fylket stort sett er gode på Fair Play.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det viktigaste er kva vaksne rundt dei gjer. Ungane gjer som vi gjer, og ikkje det dei vert fortalt, seier han.

Krinsleiaren seier også det er viktig at klubbane tek grep raskt når det oppstår hendingar som i helga. Han oppmodar Førde om å ta opp saka med A-lagsspelarane.

– Dei må setje skapet på plass, og fortelje spelarane kva dette går i. Dette er heilt uhaldbart.