Hopp til innhold

Dei svakaste må betale

Det er dei svakaste pasientgruppene som no må betale for at ortopediklinikken i Lærdal skal drivast vidare.

Vedtaket om å oppretthalde tilbodet i Lærdal betyr blant anna at Helse Førde må kutte kostnader innan satsingsområda psykiatri og kronisk sjukdom.

Det er beskjeden frå styreleiar Clara Øberg.

Må kutte 70 millionar kroner

I løpet av neste år må helseføretaket kutte 70 millionar kroner.

- Vi ser på alt. Summen vi skal spare er så stor at vi ikkje kan frede noko, seier Øberg.

Innsparingskravet i Helse Førde blir berre tøffare og tøffare. Omgjering av vedtaket om nedlegging av ortopedi-klinikken i Lærdal får følgjer for andre pasientgrupper - pasientar som styresmaktene har sagt det skal satsast på.

- Ein del av desse avdelingane rommar dei fleste av dei pasientane som skal ha særleg fokus, som eldre, kronikarar og psykiatriske pasientar.

Kortare tid på sjukehusa

Styreleiaren seier ho vil tvinge kommunane til å ta eit større ansvar.

- Vi må verte meir effektive. Talet på liggedøgn på sjukehusa må ned. Det vil seie at vi kjem til å utøve ekstra press på kommunane for at dei skal ta mot pasientane tidlegare. Dei må i større grad enn før rehabilitere pasienten i eigen kommune. Dette vert krevjande fordi kommunane stort sett manglar rehabiliteringsplassar over alt.