NRK Meny
Normal

Dei styrer unna sjukehuset

I valkampen er det mange stortingskandidatar som reiser på bedriftsbesøk. Men Førde sentralsjukehus har dei styrt unna.

Førde Sentralsjukehus
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har ikkje fått ein einaste førespurnad om besøk frå noko politisk parti, fortel informasjonssjef Arne Eithun i Helse Førde til Firda.

– Sjukehuset er utruleg viktig

Gunvald Ludvigsen frå Venstre sit i helse og omsorgskomitéen på Stortinget, men i valkampen har han prioritert å besøke bedrifter som har lite med helse å gjere. Men han har ikkje noko imot å ta ein tur innom Førde sentralsjukehus, og han er ikkje redd for å bli oppfatta som sentralsjukehustilhengar.

– Slett ikkje. Førde sentralsjukehus er utruleg viktig for oss. Vi skal slå ring om sjukehusa.

Starheim veit nok

Førstekandidaten til Framstegspartiet, Åge Starheim, seier at han har så mykje kunnskap om helsevesenet i Sogn og Fjordane at han har oversikt over situasjonen.

– Eg har kontakt med legar, og eg veit kva som går føre seg, også på sentralsjukehuset.

Kritisk til vinklinga

Erling Sande
Foto: NRK

Erling Sande, som er andrekandidat på Senterpartiet si liste, avviser og at han er redd for å bli oppfatta som sentralsjukehustilhengar. Han er kritisk til vinklinga av saka i Firda.

– Inntrykket mitt er at ein gjennom ulike innfallsmetodar prøver å skape eit bilete av at politikarane ikkje er opptekne av sjukehusa, og det blir feil.

– Vi møter gjerne dersom vi blir inviterte, for sentralsjukehuset er utruleg viktig, seier førstekandidaten til Arbeidarpartiet, Tor Bremer. Både han og førstekandidat Bjørn Lødemel frå Høgre avviser at dei er redde for å bli oppfattaa som sentralsjukehustilhengarar.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå