Dei stod i ro for betre veg

Klokka 14 i dag stansa mange yrkessjåførar for å markere kravet om tryggare vegar.

Lastebilaksjon mot dårleg vegvedlikehald

STOD I RO FOR BETRE VEGAR: To av dei sju tyngre køyretøya som stansa ved Langelandsvatnet.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Aksjonen skjer samstundes med ei gravferd i Nederland. Ein nederlandsk langtransportsjåfør og dottera hans omkom i ei utforkøyring på E39 på Stord 28. februar.

Det var glatt føre på ei bru då vogntoget dei køyrde skar utfor vegen. Den nederlandske sjåføren køyrde på kontrakt for Byrknes Auto i Gulen. Dagleg leiar Stein Larsen har teke initiativet til aksjonen i dag.

– Manglande vintervedlikehald

På E39 ved Langelandsvatnet i Gaular var det sju tyngre køyretøy som hadde stansa og sett på varselblinklysa klokka 14 i dag. Mellom sjåførane der var veteranen Steinar Løfuft, han har vore på vegen sidan 1985.

–Vi gjer det for å sette søkelyset på manglande vintervedlikehald, vi vil at dei som har ansvaret for vedlikehald skal vere tidlegare ute med brøyting og strøing. Vi har eit lovverk som gjer at vi har knapt med tid, og det blir heile tida å køyre på grensa.

– Kva meiner du bør gjerast?

– Staten må endre systemet sitt slik at dei som utfører vedlikehaldet får betalt på skikkeleg vis, i dag er det slik at dei har omtrent like mykje om dei sit i sofaen heime som når dei er ute på vegane.

Vintervedlikehaldet på vegane er ein gjengangar som samtaletema når yrkessjåførane møtest på ferjene og på terminalane. Der går det fram at det ofte er dei same vegstrekningane som går att som verstingar, og det gjeld ikkje berre i Sogn og Fjordane.

Steinar Løtuft

SAMTALEEMNE: Manglande vedlikehald er noko Steinar Løtuft og andre yrkessjåførar snakkar mykje om.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Mange personlege tragediar

Gitle Sande er dagleg leiar i Nistad Transport på Sande, og han var og på plass på parkeringsplassen ved Langelandsvatnet. Han var og oppteken av at aksjonen er sett i verk i sympati med dei to nederlendarane som omkom på Stord.

– Det er mange personlege tragediar på grunn av dårleg vegstandard. Vi som driv transportfirma gjer det vi kan for at bilane skal vere i topp stand. Då må vi kunne kreve at også vegane blir haldne skikkeleg vedlike.

Redd for isras

Mellom dei som stansar klokka 14 er bussjåfør Marit Solveig Nedrebø. Ho køyrer skulerute på fylkesveg 57 mellom Dale og Bygstad. På denne strekninga er det mykje ho meiner burde ha vore gjort noko med - og det fort.

Mellom anna gjeld det strekninga mellom Bygstad og Osen bru, Saltkjelen.

– På det smalaste er det berre nokre få centimeter klaring på kvar side av bussen, ei loddrett fjellside på eine sida og fjorden på andre sida. Og på denne tida er det fare for at det fell is ned på bussen.

Saltkjelen på rv 57 i Bygstad

SMALT, BRATT OG SVINGETE: Saltkjelen på fv 57 mellom Bygstad og Osen bru.

Foto: Magnar Korsvoll

Alle passasjerane på same sida

Marit Solveig har opplevd at det har kome is på busstaket. Ingen vart skadd, men opplevinga var så ubehageleg at ho i ettertid har teke forholdsreglar.

– Når eg køyrer denne strekninga får eg passasjerane til å sette seg på den sida som vender mot fjorden, for at ingen skal sitte rett under der is eventuelt treff busstaket.

Men dette er langt frå den einaste strekninga ho meiner dei styrande har forsømt.

– Heile fylkesveg 57 mot Dale er frykteleg, du blir godt banka i løpet av ein tur.

Marit Nedrebø

ALLE PÅ EI SIDE: Bussjåfør Marit Solveig Nedreø.

Foto: privat

Marit Solveig Nedrebø er fullt klar over at det til sjuande og sist er sjåføren som har ansvaret for at det ikkje skjer ulukker. Men ho meiner det ikkje skal vere slik at ein må vere lokalkjend for å ferdast trygt.

– Vi som køyrer dagleg på ein veg veit kvar det renn vatn over vegen, vatn som kan fryse til spegelglatt is. Dermed kan vi avpasse farten. Men for dei som ikkje er lokalkjende kan slikt kome brått på. Dermed kan ulukka fort vere ute.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.