Hopp til innhold

Dei stakk og let Bieber regjere på hotellet

HJELLE (NRK): Ikkje alle blir slått i bakken av at Justin Bieber kjem på besøk. For hotellvertane på Hjelle Hotel var sonen si fotballturnering førsteprioritet.

Loretnz og Emma Hjelle let Justin Bieber styre seg sjølv på hotellet.

GJESTFRIE: Hotelleigarane Lorentz og Emma Hjelle let Justin Bieber overta heile hotellet på Hjelle for ein dag.

Foto: Mattias Rolighed Bergset

– Då telefonen ringde midt på natta, og dei sa at Justin Bieber ville kome til Hjelle Hotel sa eg at vi har stengt og ikkje har vi mat eller noko, fortel Lorentz med eit smil.

For då verdsstjerna og tenåringsidolet Justin Bieber skulle kvile ut etter to konsertar i Oslo, var det i Stryn han ville lade batteria. Hotellvertane hadde på si side andre planar for dagen.

– Eg sa at vi skal på fotballturnering med sonen vår, og at det skulle vi ha med oss uansett.

Då fekk dei beskjed frå John Olav Lefdal, som arrangerte turen for Bieber, at musikkstjerna kom med to bussar, inkludert kokke.

– Så vakna vi neste dag og laga oss klare til fotballturnering. Vi gav dei nøklane og fortalde kvar dei kunne finne vatn og straum til bussane, så reiste vi, fortel Hjelle.

Justin Bieber på Hjelle Hotel

Det synlege beviset på at Justin Bieber var akkurat her på Hjelle Hotel i Stryn.

Loser verdsstjerner til norske perler

Den eksklusive turen til popstjerna var det John Olav Lefdal som hadde regien på. Han har lenge drive med masseturisme, men også med eksklusive turar for dei som er på jakt etter noko heilt spesielt og skreddarsydde opplegg.

– Beskjeden eg fekk var at Justin Bieber hadde peika på eit bilete av fjord-Norge, og at han ville sjå det. Då var det berre å ordne det, fortel Lefdal.

Grotli, Geiranger, Stryn, Lillehammer, alt stod på lista. Klokka sju om morgonen parkerte bussane ved vertshuset i Stryn, og resten av dagen brukte dei ved Hjelle hotel, der dei fekk styre seg sjølve.

Bieber-feber

Heilt åleine var dei likevel ikkje. Fleire blodfans, eller Beliebers dukka også opp utanfor hotellet. Tre av dei var Cristine Indrebø Turøy, Synne Indrebø Heisig og Vilde Indrebø Heisig. Dei var på veg heim til Stryn frå Bieber-konsert i Oslo då meldinga om at han var i området tikka inn. To reiste heim utan å få eit glimt av stjerna.

Dei tre venninnene gjekk rett frå Bieber-konsert til Bieber-jakt i heimbygda.

BELIEBERS:Berre ei av dei tre venninnene, Cristine Indrebø Turøy, Synne Indrebø heisig og Vilde indrebø heisig, fekk eit glimt av verdsstjerna i heimebygda Stryn.

Foto: Mattias Rolighed Bergset

– Rett før eg reiste så kom han ut av bussen då han skulle gå og legge seg. Han gjekk rundt med hunden sin. Då vart eg skikkeleg glad, fortel ho.

Hotellfamilien som let tenåringsidolet ta styring over det vinterstengde hotellet for ein dag, fekk også eit glimt av han.

– Når alle ungane var i seng, og vi sat og såg på TV, då såg vi han inne i spisesalen. Han dansa litt og såg ut til å vere i godt humør, fortel Emma Hjelle.

Og legg til at Bieberhysteriet ikkje har teke av i familien, enno.

– Vi måtte forklare for sonen vår på seks kven som var på besøk. Han visste ikkje kven Justin Bieber var, men så sett vi på ein musikkvideo og då gjekk det opp for han.