Hopp til innhold

Dei slost mot nedleggingsspøkelset – og vann

Denne helga feirar Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland 100-årsjubileum. Men vegen dit har vore ein kamp for tilværet.

Aksel Hugo framfor Sogn Jord- og Hagebruksskule

STORT SMIL: Rektor Aksel Hugo framfor Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Nedlegging er ikkje det me tenkjer på no til dags, for å seia det slik.

Det er ein glad rektor Aksel Hugo som fredag føremiddag gjer seg klar til bursdagsfeiring. Skulen hans er 100 år denne hausten, og denne helga inviterer dei til storslått feiring med open gard, aktivitetar og føredrag. 270 personar har meldt sin framkomst til festmiddagen fredag kveld.

Heimsøkt av nedleggingsspøkelset

Jubileumsutstilling, Sogn Jord- og Hagebruksskule

FRÅ UTSTILLINGA

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Hausten 1917 byrja dei første elevane ved Sogn Jord- og hagebrukskule i Aurland. Sidan den gongen dei vore truga av nedlegging fleire gonger. For berre fem år sidan hadde dei fleire ledige elevplassar enn nokon gong tidlegare.

– Allereie i 1981 var det spørsmål om å leggja ned, det same i 1983. Ein veldig innsats både lokalt og fylket berga skulen dei gongene. Den historia har gjenteke seg med jamne mellomrom dei siste 30 åra, seier Hugo.

Men i 2015 vart framtida sikra. Fylket, staten og kommunen løyvde til saman 30 millionar kroner for å investera i nye bygg og oppussing av dei gamle. Samstundes er elevtalet stigande att. I år går 44 elevar på skulen som tilbyr VG2 og VG3 i økologisk landbruk, samt at dei nyleg har blitt fagskule for økologisk landbruk.

– Eg opplever det som at me har fått eit stort, grønt lys til å halda fram, seier Hugo.

Eplepressing på Sogn Jord- og hagebruksskule
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Tilbake på gamle trakter

I den nyoppussa kjellaren, rett utanfor den nyoppussa matsalen og det nyoppussa kjøkenet, har dei laga jubileumsutstilling. Arne Opthun frå Hermansverk ser etter gamle kjende, han var sjølv elev her i 1954.

– Det året fekk me den første traktoren her. Ein Ferguson, ein slik «Gråtass». Me elevane fekk eigentleg ikkje lov til å bruka den, dei var så redde for den. Men det var nokre lærdølar her som hadde køyrt traktor heime, så då sneik me oss med dei og prøvde litt likevel, seier han.

Arne Opthun (t.v.) og Aksel Hugo

Arne Opthun (t.v.) og rektor Aksel Hugo ser på bilder frå dei første 100 åra i skulen si historie.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Han har følgt med på skulen opp gjennom åra, og er glad for at skulen er sikra ei framtid.

– No er dei komne godt i gang med det økologiske, og det er rett for framtida: å vera forsiktig med alle dei giftene me dreiv med.

Ute på plassen møter han Per Tusvik frå Balestrand. Han var elev her då skulen feira 50-årsjubileum i 1967.

– Det har forandra seg mykje, det er heilt sikkert. Heldigvis så går det framover, og det er bra, seier Tusvik, før han går inn for å sjå det gamle internatrommet sitt.

Arne Opthun (t.v.) og Per Tusvik

TILBAKE PÅ GAMLE TRAKTER: Arne Opthun (t.v.) og Per Tusvik.

Foto: Sondre Dalaker / NRK