Hopp til innhold

Dei slo til med full pott i Klassequizen!

Sande skule i Gaular svarte rett på alle 12 spørsmåla i Klassequizen onsdag.

Sande skule i Klassequizen

RETT PÅ ALT: Laget frå Sande skule. Frå v. Aina Søgnen, Torgeir Furnes og Gunnhild Birkeland.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Jubelen stod i taket på Sande skule då quizmaster Geir Bjarte Hjetland kunngjorde resultatet og gratulerte med full pott.

Det siste spørsmålet til Aina Søgnen, Torgeir Furnes og Gunnhild Birkeland var: Frå kva sang er strofa «hvor de gylne stjerner blinker» henta? Svaret visste dei: «Deilig er den himmel blå».

– Vi er veldig glade, seier Aina. – Og litt overraska, supplerer Torgeir. – Vi fekk kanskje spørsmål om det vi kunne, seier Gunnhild.

Flatbygdi skule i Klassequizen

FEKK 11 POENG: Flatbygdi skule i Vik greidde også 11 poeng. Laget er samansett av Sindre Espeland Aase, Sunniva Bø og Tone Orvedal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tre skular med 11 poeng

Når 28 av 34 skular har svart på spørsmåla i Klassequizen er altså Sande skule i teten med 12 poeng - dei einaste som så langt har svart rett på alle spørsmåla. Tre skular har 11 poeng: Askvoll skule, Førde ungdomsskule og Flatbygdi skule i Vik.

Bak dei fylgjer sju skular med ti poeng: Gloppen ungdomsskule, Vågsøy ungdomsskule, Fjaler ungdomsskule, Lavik skule, Olden skule, Flora ungdomsskule og Davik oppvekstsenter.

I tillegg er det ni skular som har ni poeng.

Frå 6. januar til 9. mars trålar quizmaster Geir Bjarte Hjetland att og fram, på kryss og tvers i Sogn og Fjordane for å stille 12 spørsmål til kvart av dei 33 laga.

Klassequizen er ein konkurranse for 10. klassingar, og det viser seg at det er mange skarpskodde elevar i ungdomsskulane både i Sogn og Fjordane og i landet elles.

Askvoll skule i Klassequizen

FEKK 11 RETTE : Askvoll skule er eitt av to lag med 11 poeng så langt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sjølv om ein del av spørsmåla har vore nokså vanskelege har mange lag sanka godt med poeng, og det er eit imponerande gjennomsnitt på dei skulane som har vore i elden så langt.

Når Hjetland har avslutta runden sin med Svelgen oppvekst den 9. mars er det tid for å summere opp og sjå kva lag som har kvalifisert seg for å vere med i fylkesfinalen. Datoen for fylkesfinalen er enno ikkje sett opp.

Men landsfinalen er fastsett. Den blir send på TV – på NRK1 den 14. mai. I fjor var det Olden skule som representerte Sogn og Fjordane.

Førde ungdomsskule i Klassequizen 2016

KOPIERTE ASKVOLL: Førde ungdomsskule med frå v. Ingrid Bolstad, Pål Erik Flølo og Jenny Heggheim Myklebust greidde også 11 rette.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Her finn du når din skule skal i elden og kor mange poeng som er delte ut til no:

Terminliste og resultat Klassequizen i Sogn og Fjordane

Dato

Skule

Sending

Poeng

Onsdag 06.01.

Fjaler ungdomsskule

Etterm. 06.01.

10

Onsdag 06.01.

Hyllestad skule

Morgon 07.01.

4

Måndag 11.01.

Lavik skule, Høyanger kommune

Etterm 11.01.

10

Måndag 11.01.

Askvoll skule

Morgon 12.01.

11

Onsdag 13.01.

Olden skule

Etterm. 13.01.

10

Onsdag 13.01.

Stryn ungdomsskule

Morgon 14.01.

9

Måndag 18.01.

Vassenden skule

Etterm. 18.01.

7

Måndag 18.01.

Skei skule

Morgon 19.01.

9

Onsdag 20.01.

Tangen skule

Etterm. 20.01.

7

Onsdag 20.01.

Farnes skule

Morgon 21.01.

9

Måndag 25.01.

Naustdal b- og ungdomsskule

Etterm. 25.01.

7

Måndag 25.01.

Flora ungdomsskule

Morgon 26.01.

10

Onsdag 27.01.

Eid ungdomsskule

Etterm. 27.01.

7

Onsdag 27.01.

Hornindal skule

Morgon 28.01.

3

Måndag 01.02.

Halbrend skule

Etterm. 01.02.

8

Måndag 01.02.

Førde ungdomsskule

Morgon 02.02

11

Onsdag 03.02.

Flatbygdi skule

Etterm. 03.02.

11

Onsdag 03.02.

Feios skule

Morgon 04.02.

7

Måndag 08.02.

Gloppen ungdomsskule

Etterm. 08.02.

10

Måndag 08.02.

Vågsøy ungdomsskule

Morgon 09.02.

10

Onsdag 10.02.

Kvåle skule

Etterm. 10.02.

9

Onsdag 10.02.

Leikanger ungdomsskule

Morgon 11.02.

9

Måndag 22.02.

Kaupanger skule

Etterm. 22.02.

7

Måndag 22.02.

Aurland barne-ungdomsskule

Morgon 23.02.

9

Onsdag 24.02.

Sande skule

Etterm. 24.02.

12

Onsdag 24.02.

Luster ungdomsskule

Morgon 25.02.

9

Måndag 29.02.

Davik oppvekst

Etterm. 29.02.

10

Måndag 29.02.

Hauge skule

Morgon 01.03.

8

Onsdag 02.03.

Dalsøyra skule

Etterm. 02.03.

10

Onsdag 02.03.

Eivindvik skule

Morgon 03.03.

9

Onsdag 02.03.

Byrknes skule

Etterm. 07.03

9

Måndag 07.03.

Solund b-og ungdomsskule

Morgon 08.03.

9

Onsdag 09.03

Svelgen oppvekst

Etterm. 09.03.

10

Onsdag 09.03

Selje skule

Morgon 10.03

7

Ekspander/minimer faktaboks