Hopp til innhold

Dei skal til EM-sluttspel i Kviterussland

Linn-Mari Nilsen frå Sande og Marte Bjelde Hjelmhaug frå Sogndal er klare for EM-sluttspel i fotball. Det same er Elise Stenevik frå Florø.

Marte Bjelde Hjelmhaug og Linn Mari Nilsen

HØGT OPPE: Marte Bjelde Hjelmhaug (t.v.) og Linn-Mari Nilsen etter kampen mot Sverige.

Linn Mari og Marte spela heile kampen då det norske J17-landslaget valsa over Sverige på Klepp stadion tysdag kveld. Sluttsifra vart 6-0 etter 1-0 ved pause. Elise, som til dagleg spelar for Arna-Bjørnar, sette inn 4-0-målet før ho vart bytt ut.

– Det var heilt fantastisk. Eg kan ikkje beskrive det, eg og Linni grein, og det var fleire som grein. Eg har ikkje opplevd liknande før, seier ei oppglødd Marte Bjelde Hjelmhaug etter kampen.

Linn Mari og Marte spelar på Kaupanger. Linn Mari - til dagleg kalla Linni - er keeper, Marte er venstrekant på Kaupanger, men på landslaget spelar ho venstreback.

Elise Isolde Stenevik

SCORA MÅL: Elise Stenevik frå Florø sette inn 4-0-målet.

Foto: privat

Det losna i andre omgang

Mot Sverige gjekk det trått i første omgang, fortel Marte.

– Det var stressande, vi fekk ikkje til spelet vi har øvd på, men vi fekk inn eitt mål. I andre omgang losna det heilt, og vi sette inn fem mål til. Det var to ulike omgangar.

På dei tre EM-kvalifiseringskampane er det blitt tre sigrar, og det norske laget har ein målskilnad på 16-0. Det tyder på at ein ny god årgang med kvinnelege fotballspelarar er på veg mot senioralderen.

– Vi har fått vite at vi er eitt av dei beste J17-landslaga opp gjennom åra. Det er fantastisk bra.

Norge J17 har slått Sverige

JUBEL ETTER KAMPEN: Dei norske jentene feira 6-0 over Sverige.

Foto: NRK

– Heilt sjuk redning

At dei ikkje har sleppt inn eit einaste mål har Linn Mari Nilsen ein god del av æra for, seier Marte.

– Eg vil gi Linni æra, for ho hadde ein heilt sjuk redning i slutten av første omgang i dag. Men vi har sjølvsagt bra forsvarsarbeid og.

Og målet for EM-sluttspelet er å nå finalen, seier Marte Bjelde Hjelmhaug. No handlar det om å førebu seg til det som skal skje i Kviterussland i mai.

– Vi må få til ein bra balanse mellom trening og skule, slik at det ikkje blir for mykje. Får vi trent bra fram mot sluttspelet trur eg vi skal vere bra førebudde.