Hopp til innhold

Dei skal planlegge psykiatrisatsing

Psykiatrisatsinga i Helse Førde må vike for den nye luftambulansestasjonen ved Førde sentralsjukehus.

Styreleiar Jorunn Ringstad og adm.dir Jon Bolstad i Helse Førde.

PLANLEGG: Helse Førde har sett av ein million kroner til å planlegge sengeposten innan psykiatri.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I investeringsplanen dei la fram i august, låg det inne om lag 50 millionar til psykiatrien dei neste fem åra, men i den same investeringsplanen før gårsdagens styremøte, var det endra til berre ein million.

– Vi vil først ha den millionen til planlegging. Styret har no bede om å få ei samla oversikt over kva som trengst, kva det kostar, og så får vi byrja å sjå framover etter at ambulanselandingsplassen er ferdig, seier styreleiar Jorunn Ringstad.

Uroa for tilbodet

Ei skuffa Astrid Gytri i landsforeininga for pårørande innan psykisk helse, sa onsdag til NRK.no at det ikkje er noko nytt for ho at psykiatrien må lide.

Ho er uroa for følgjene av vedtaket.

– Det har fleire gonger blitt sett av midlar og oppretta arbeidsgruppe som skal sjå nærare på kva dei kan gjere for å byggje ut ein psykosepost i Førde. Eg er veldig uroa for det som skjer i Helse Førde, sa ho.

Neste store løft

Men onsdag slo styret i Helse Førde fast at dei ikkje ynskjer å setje av pengar til psykiatrisk sengepost med det første.

Satsinga må vike for den nye luftambulansestasjonen.

– No må vi byrje å planlegge vidare kva det neste store løftet blir. Som det var sagt inne frå fleire, så bør det vere innanfor psykiatri, seier Ringstad.