Hopp til innhold

Dei skal gi oss framtidas fjordhestar

NAUSTDAL (NRK): Det kjennest på lufta, og er lett å sjå på fjordhingsten, at våren er i anmarsj. – Han skal sparke litt i grusen og lage lyd når det vårast, humrar Vidar Heggheim i Naustdal.

Vidar Heggheim

SPENT: «Birkeli-Nimo» er ein av hingstane som Vidar Heggheim skal vere med å gi fjordhesten ei framtid.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Vidar Heggheim har store forhåpningar til to år gamle «Birkeli-Nimo». Hingsten skal neste år stillast ut på Eid, og hesteoppdrettaren i Åsedalen har stor tru på at den skal kome i avl.

For det trengst. Fjordhesten ein truga hesterase.

– Det har over år vore negativ utvikling i tal fødde føl. Vi hadde litt oppgang i fjor, men bedekninga burde vore betre, seier Heggheim.

Halvering på 20 år

Det er fem år sidan alarmklokkene ringde for framtida til fjordhesten . Spesialrådgjevar Tore Kvam hos Norsk Hestesenter fortel at fjordingen er nær halvert sidan midten av 90-talet.

Same perioden har bedekningstalet gått frå kring 600 til 150 i 2015. I fjor gjekk talet noko opp att til 226.

Vidar Heggheim

ALER OPP: – Heilskapen i dyret er sjølvsagt viktig, men på fjordhesten er det utstråling og stolt haldning, seier Vidar Heggheim.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Går vi 20 år tilbake, så rekna vi mellom 6 000 og 10 000 fjordingar. No anslår vi talet til å vere mellom 3 000 og 5 000, seier Kvam.

Uroa for framtida

Heggheim sit i styret i Norsk Fjordhestlag, og er ein ivrig hestekar. Han meiner det er viktigare enn nokon gong å få opp talet på fjordhesten, og at det blir drive eit grundig avlsarbeid.

Neste år håpar han å få «Birkeli-Nimo» i avl, og dermed ein av hingstane som skal føre den stolte norske hesterasen inn i framtida. Han likar dårleg at fjordhesten er truga.

– Problemet er å ta vare på det genetiske mangfaldet. Vi får også fort problem med innavl og får for få dyr å velje mellom for å vareta kvaliteten, seier Heggheim.

Premiehestar

Ingrid Aaberg

TRUGA: Også dølahesten er truga. Her står Ingrid Aaberg og saman med «Ramsvikbruna».

Foto: Gro Ravnestad / NRK

«Birkeli-Nimo» er siste avkomet etter «Birkeli-Monja». «Birkeli-Tulla» og «Birkeli-Oda» er andre fjordhestar som naustedølen har ståande på stallen.

– «Birkeli-Tulla» fekk førstepremie i 2014. «Birkeli-Oda» er tre år og skal stillast på unghestsjået på Mo. Den ventar eg skal bli eit veldig spennande dyr å avle under. Ho er rasetypisk og litt det vi drøymer om i ein fjordhest. Uttrykket og framtoningen hennar er ikkje ofte vi ser, seier Heggheim og legg til:

Meir merksemd

Kona Jorunn er like nyfiken kvar gong det kjem eit nytt føl til verda på garden.

– Vidar spør alltid etter kvite hover, stjerne og om bogen er skrå. Ein skal ikkje ha kvite hover og stjerne, og skrå bog gir fjordingen ei veldig fin haldning, seier ho.

Bestanden går hand i hand med auka interesse og bruk av rasen. Heggheim håpar på auka interesse for hest som hobby.

– Rasen er allsidig og kan brukast til alt mogleg, så den burde fenge fleire. Den er trygg, har godt hovud og psyke og er ein fantastisk familiehest, seier han.