Hopp til innhold

Dei er dei siste som lærer om dette handverket i fylket - det gjer elevane uroa

Når Design og Tekstil-faget forsvinn frå Vassenden, forsvinn det òg frå Sogn og Fjordane. Dei siste elevane som får lære seg faget er uroa for framtida til handverket.

Når skuleåret startar oppatt til hausten er det utan Mo og Jølster vidaregåande skule avdeling Vassenden. Design og tekstil-linja som er der forsvinn heilt i frå fylket.

Teikning av bluse

EIGENDESIGN: Slik ser design-teikninga til Anna Beate Helle ut.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Torsdag var det skuleavslutning for Mo og Jølster vidaregåande skule, avdeling Vassenden. Til hausten er det ingen elevar att her og éin av linjene forsvinn heilt frå fylket.

Då NRK møtte elevane ved Design og Tekstil tidlegare i vår var dei i full gong med å sy eigendesigna blusar.

– Eg lagar ein bluse i blonder og silke. Blusen skal ha eitt stoff og armane og andre detaljar blir i blondestoff, forklarar Anna Beate Helle.

Det er fint å kunne fikse kle òg, sjølv om vi ikkje lagar alle klede sjølve. Faget er jo ein del av tradisjonen vår.

Anna Beate Helle, elev

Ho ein av dei siste som lærer seg dette faget i Sogn og Fjordane. I over 60 år har Design og tekstil-faget vore eit tilbod i fylket. Tidleg på 50-talet var det heimeyrkesskulen som lærte elevane om handverket.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anna Beate Helle

VIKTIG FAG: Anna Beate Helle meiner faget er viktig for både tradisjon og nødvendig kunnskap.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Mistar linja

Fram til sommaren har dette vore eit tilbod for elevar som går andre året på vidaregåande på Mo og Jølster vidaregåande skule på Vassenden.

Strikking

STRIKKE: Strikkehandverkar er ein av fagområda som elevane kan gå vidare på.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Her lærer elevane seg det grunnleggande innan handverket. Når dei er ferdige her kan dei gå vidare på fag som til dømes bunadstilverkar, buntmakar, herrerskreddar, handvevar, kjole- og draktsyar, kostymesyar, modist, møbeltapetserar, salmakar, skomakar eller strikkehandverkar.

No forsvinn faget frå fylket og elevane med det. For etter at fylkeskommunen måtte sjå på skulestrukturen i fylket, vart det bestemt at avdelinga ved Vassenden skulle leggjast ned. Dei fleste tilbod skulen hadde vert flytta til andre vidaregåande skular i fylket, men Vg2-faget Design og Tekstil vert fjerna heilt.

Elevane på Mo og Jølster vidaregåande meiner faget med nål og trå er viktig.

– Det er ein fin eigenskap å ha. Før sat gjerne kvinnene å sydde og lærte av mødrene sine, men slik er det ikkje lenger. Så tilbodet om eit slikt fag er viktig, seier Karoline Navekvien som er ein av dei åtte elevane i den siste klassa.

Spesielle fag

– Eg synst det er veldig moro når eg får laga noko sjølv, og som eg kan bruke. Gjerne noko som ikkje alle andre har, seier Anna Beate.

I løpet av tida her har elevane fått grunnleggande kunnskap om handverket. Lærarane ved linje er uroa for framtida til handverket i fylket.

– No er dette fag som er litt spesielle. Eg tenkjer spesielt på bunadsfaget som er så lokalt forankra, seier lærar Siv Kristin Flekke.

– Så er det jo viktig at det blir sydd i lokalmiljøet og ikkje i Kina eller andre stader langt vekke, forklarar Berit Johanne Sælen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Siv Kristin Flekke og Bente Sælen

UROA: Siv Kristin Flekke (t.v.) og Bente Johanne Sælen seier faget er viktig å behalde.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ein del av tradisjonen

– Faget er ein del av tradisjonen i Norge. Så det er viktig for tradisjonen og vi trenger jo klede. Det er fint å kunne fikse kle òg, sjølv om vi ikkje lagar alle klede sjølve, fortel Anna Beate.

Ho meiner det er viktig at ein ikkje blir heilt avhengig av andre land.

– Det er allereie få som driv med handverket, og veldig lite av det i Norge allereie no, det var jo mykje meir av det før. Så det går jo nedover, og når vi mistar linja, så vert det jo enda færre, forklarar ho.