Hopp til innhold

Dei satsar på fiskaryrket

SOLUND (NRK): Dei er unge, og dei ser føre seg eit liv som fiskarar. I Solund får dei praktisert det dei har lært på skule.

Ole Trovåg og Pål Thomas Sandahl

VIL BLI FISKARAR: Ole Trovåg (t.v.) og Pål Thomas Sandahl på veg ut med teiner.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ole Trovåg og Pål Thomas Sandahl er med den garva fiskaren Roar Trovåg. Saman førebur dei sommarsesongen på Nåra i ytre Sula. Dei skal ut på teinefiske i ein liten blåmåla båt.

– Vi skal fiske krabbe som vi seinare skal bruke til teinemat når vi skal fange leppefisk, fortel Roar.

Leppefisken skal seljast til oppdrettsnæringa, som brukar den i kampen mot lakselus.

Ole Trovåg

KRABBEFISKE: Ole Trovåg slenger ut ei av teinene.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Endeleg lærling

Pål Thomas Sandahl er frå Bjorøy ved Bergen og har gått utan læringsplass i tre år. No er Trovåg godkjend som lærebedrift, og Pål Thomas kan omsider kalle seg lærling.

– Her er det flott. Eg var med litt i haust på krabbefiske, det var kjekt. Eg har gått dei skulane eg treng, no tek eg læretida.

Roar Trovåg, Pål Thomas Sandahl og Ole Trovåg

LÆREMEISTER: Roar Trovåg (t.v.) skal lære det han kan om teinefiske til sonen Ole (t.h.) og Pål Thomas Sandahl.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Drøymer om eigen båt – ein gong

Ole Trovåg er sonen til Roar. Han har gått på skule i Austevoll, på fiske og fangst. No går han første året på styrmannsskulen.

– Eg skal bli fiskar, eg håpar at eg ein dag kan bli skipper.

Og han er ikkje den einaste ungdommen i Solund som har slike planar.

– Det er fleire på min alder som prøver å satse litt, men det er vanskeleg å skaffe pengar til å investere i det ein treng når ein er ung. Men draumen er ein gong å ha eigen båt.

Tidleg krøkt

Roar Trovåg vedgår at han kan ha medverka til at sonen vel same yrket som han sjølv.

– Han var ikkje mange år første gongen han var med på sjøen då vi reiste på større båtar. Han var klar, han, veit du, han sat i styrehuset med meg.

No er dei klare til å sette i gang med teinefiske, og Roar er glad han har ung og arbeidsviljug arbeidskraft.

– Mannskap må vi ha, og det er mange som har sagt seg viljuge til å stille opp, så det er bra.