Hopp til innhold

Dei såg Senterpartiet bryte skulelovnaden

LÆRDAL (NRK): – Mange stemte Senterpartiet for å få behalde skulen på Ljøsne. Då er det ekstra sårt når det er Senterpartiet som stod på vippen, seier foreldre ved Ljøsne skule.

Mari sofie sandvik

FORELDRE: Mari Sofie Sandvik og dottera Eivor deltok på møtet der skjebnen til Ljøsne skule vart bestemt. Ho seier foreldra ikkje gir seg heilt enda, og at dei nok kjem til å klage på vedtaket.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Det var mange tårevåte auge blant dei som har kjempa for å behalde grendeskulen på Ljøsne då klubba slo i bordet og vedtaket gjort.

Mari Sofie Sandvik trur Senterpartiet vil merke at vallovnaden vart broten.

– Men det var også fleire i kommunestyret som stemte imot, og dei er like ansvarlege for avgjerda, seier Sandvik.

Saman med yngstejenta Eivor var ho på på kommunestyremøtet i Lærdal der dei vedtok å legge ned skulen to av borna hennar går på.

– Det er litt vanskeleg no. Det er mykje kjensler i sving. seier Mari Sofie Sandvik.

Delt senterparti

Britt Sanden var den einaste representanten frå Senterpartiet som stemte for nedlegging.

Ho seier ho forstår at det oppfattast som eit løftebrot frå partiet for veljarane.

– Det er inga god kjensle. Men eg har alltid vore klar på at eg kjem til å stemme for nedlegging, sa Sanden før møtet starta onsdag.

Britt Sanden

STEMTE FOR: Britt Sanden fortalde før møtet at ho gjekk til val på at ho ville stemme for nedlegging. Ho hadde sjølv løfter ho måtte halde sjølv om resten av partigruppa ville stemme imot.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Sanden seier ho forstår dei som kjempar for å behalde skulen sin.

– Det er trist å legge ned skulen. Men eg meiner ressursane vi har å bruke på oppvekst i kommunen må fordelast likt på alle elevane, seier ho.

Gruppeleiar i Senterpartiet i Lærdal, Gro Starheimsæter, er lei ho ikkje hadde ei samla gruppe på møtet i dag.

– Det er ingen god kjensle, det kjenner vi på alle saman. Det var ei vond stemning i rommet i heile dag, seier gruppeleiaren for Senterpartiet etter avstemminga.

Starheimsæter seier ho tykkjer det er eit viktig poeng at det var ni som stemte for nedlegging, og at det ikkje berre var stemma frå Britt Sanden i Senterpartiet som bestemte utfallet.

– Det er eit fleirtal for nedlegging, og slik er demokratiet. Men det følast veldig dumt no.

Frå avstemminga i Lærdal kommunestyre der dei vedtok å legge ned Ljøsne skukle.

KJENSLELADD: Representantane som stemte imot nedlegging la ikkje skjul på at det var tungt då vedtaket om nedlegging vart gjort. Gruppeleiar for Sp, Gro Starheimsæter, er nummer to frå venstre. Britt Sanden (Sp) som stemte for nedlegging lengst til høgre.

Økonomi er årsaka

Arbeidarpartiet sine fem representantar stemte alle for nedlegging.

– Eg meiner vi må gjere desse grepa for å få gode skular for alle i kommunen, seier Kristen Olav Grøttebø (Ap).

At ein skule i nærområdet gjer Ljøsne meir attraktivt å flytte til er eit gjennomgåande argument for dei som kjempa mot nedlegging.

– Gode jobbmoglegheiter, kulturtilbod, butilhøve er viktig når folk skal flytte ein plass, ikkje om skulen ligg ti eller tjue minuttar frå heimen, seier Grøttebø.

Det er ikkje Mari Sofie Sandvik samd i.

– Dei kan seie kva dei vil. Når vi flytta til Ljøsne for to år sidan var det veldig viktig at det låg ein skule der. Eg trur ikkje det blir så lett å få folk til å flytte hit no.

Bakgrunn: