Hopp til innhold

Turistane som kjem til Noreg legg igjen store summar, men vil gjerne bruka meir

Årleg legg utanlandske turistar att over 150 milliardar på besøk i Noreg, men mange av dei vil bruka endå meir. For få aktivitetar sett ein stoppar for endå større inntekter.

Via Ferrata Loen

SAKN: Turistar som kjem til Noreg legg igjen store summar, men mangelen på aktivitetar gjer at dei ikkje legg igjen så mykje som dei kunne. Her frå Via Ferrata i Loen.

Foto: Loen Active

– Det er tydeleg at dei som kjem til landet har stor kjøpekraft og høg inntekt. Dei legg igjen mykje pengar, seier Ivar Petter Grøtte som er forskar ved Vestlandsforsking.

Saman med kollega Stefan Gössling og Ove Oklevik frå Høgskulen på Vestlandet har han spurt 5000 turistar frå forskjellige land om deira forbruk og vanar på ferie i Norge.

Vil bruke meir

Intervjua av turistane vart gjort på forskjell stadar på Vestlandet og i Kristiansand. Gjennomsnittsforbruket var i overkant av 25.000 kroner, medan italienarane var dei som brukte mest med i underkant av 50.000 kroner på sitt opphald i Noreg.

Men dei alle fleste skulle gjerne ha brukt endå meir.

– Problemet er at dei ikkje finn aktivitetar å bruka pengane på. Det ligg eit stort potensial i å utvikla aktivitetsturisme. For mange stadar er det ikkje kapasitet til å ta imot fleire i turistsesongen. Då må ein få mest mogeleg ut av dei som kjem, seier Grøtte.

Aktivitetar det vert peika på er ting som kajakkpadling, fisking, båtturar og liknande.

– Vi syns det er kjekt å få stadfesta at turistane vil bruke meir pengar. Vi har alt mange som tilbyr gode aktivitetar, men vi treng endå fleire, seier direktør i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug.

Turistar i Flåm

MANGE: Tusenvis av turistar tar turen til Flåm i Sogn kvart år.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Utfordrande

Ei utfordring for dei som tilbyr aktivitetar er lengda på turistsesongen.

– For mange turistbedrifter i Sogn og Fjordane varer turistsesongen i beste fall i eit halvt år. Då er det vanskeleg å få inntekter til heile året, seier Brandshaug.

For av turistane som kjem er det fleire nasjonalitetar der snittinntekta er over millionen. Brandshaug meiner både det offentlege og private investorar må bidra til å skaffa fleire aktivitetstilbod.

– Dei første tre til fire åra er kritisk for dei som startar turistbedrifter med tanke på finansiering. Då må ein få til støtteordningar, både frå det offentlege og gründarar som kan gå inn. Og så må Innovasjon Norge hjelpa til med deling av kunnskap, seier Brandshaug.