Hopp til innhold

Dei raudgrøne nettverka raknar

Dei raudgrøne ordførarane sine nettverk inn mot styresmaktene raknar når landet no får ei ny borgarleg regjering.

Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal

NYE NETTVERK: Jarle Aarvoll (Ap) som er ordførar i Sogndal veit at han har ein jobb å gjere med å byggje nye nettverk inn mot dei som skal styre landet dei neste fire åra.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Med den nye borgarlege regjeringa mister mange av dei 251 raudgrøne ordførarane viktige partikanalar for å påverke sentrale styresmakter.

Jarle Aarvoll i Sogndal er ein av mange Ap-ordførarar som må byggje opp nettverk inn mot ei ny regjering heilt på nytt for å få politisk gjennomslag.

– Eg må få lov å vere skuffa over valet. Eg har vore ordførar i seks år under ei raudgrøn regjering, og eg har også merka på kroppen den vekstkrafta det har hatt for også denne regionen, seier Aarvoll til NRK.no.

– Viktig om vi skal vere med på vidare vekst

På ordførarkontoret i Sogndal har valnederlaget til dei raudgrøne sige inn. Aarvoll er ein av 16 raudgrøne ordførar i Sogn og Fjordane, og med ei ny regjering på trappene veit Arbeidarparti-mannen at han har ein jobb å gjere.

No må han byggje nytt nettverk inn mot dei som styrer landet.

– Det vil vere viktig for meg som ordførar å etablere nye nettverk, og pleie dei, inn mot dei sentrale avgjerdstakarar.

– Dette nettopp fordi Sogndal og regionen skal vere med på den vidare veksten. Då er relasjonar og det å vere der avgjerdene blir tekne ganske viktig, seier ordføraren.

– Vi har absolutt fått meir

Måndag tapte SV, Ap og Senterpartiet valet, og Stoltenberg-regjeringa går av i midten av oktober.

Ordførar Jarle Aarvoll meiner Sogndal og partifellene i kommunane rundt har nytt godt av åtte år med direkte linje inn til dei raudgrøne styresmaktene.

– Eg ser jo at mange av dei store sakene, det gjeld samhandlingsreforma, samferdsle, den nye store kraftlinja, kommunesamanslåing, kompetansearbeidsplassar i distrikta, utflytting av statlege arbeidsplassar, og eg kan nemne meir. På ein del av dei områda har vi absolutt fått meir, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Noralv Distad

GLER SEG: Noralv Distad (H) seier det blir spennande å få ei meir direkte linje inn mot avgjerdstakarane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Høgre-ordførarane gler seg

Medan Ap-ordføraren i Sogndal må byggje opp nettverket inn mot ei ny borgarleg regjering frå grunnen, opnar det seg nye dører for dei 125 Høgre-ordførarane i landet.

– Eg trur vi alle saman reagerte veldig positivt. Vi har alle viktige saker som vi brenn for, og vi ser at dette gir oss nye moglegheiter, seier høgrepolitikar Noralv Distad som er ordførar i kraftkommunen Aurland.

Med partifellar i regjering har han større tru på gjennomslag for sine viktige saker.

– Det blir lettare for oss no. Vi har mange saker der statlege styresmakter er inne i biletet, det gjeld alt frå arealdisponering, det kan gjelde framtida til Sogn Jord- og hagebruksskule, viktige kraftsaker, ja, mange saker som er viktige for oss, seier ordføraren og legg til.

– Då er det viktig at vi no kan framføre dei direkte inn mot dei som tek avgjerda. Det blir spennande, seier Distad som er ein av åtte Høgre-ordførarar i Sogn og Fjordane.

Vil ikkje bruke pengar på lobbyhjelp

Men å ha rett partibok er ikkje alltid nok. Mange raudgrøne kommunar og fylkeskommunar har brukt pengar på lobbyhjelp for å påverke si eiga regjeringa.

I arbeidet med Nasjonal transportplan var Arbeidarparti-styrte Vik var ein av 35 kommunar som søkte profesjonell hjelp for å få prioritert sitt vegprosjekt.

Det håpar ikkje ordføraren i nabokommunen Aurland blir naudsynt.

– Sjølv har eg stor forståing for den situasjonen som Vik kommune var oppe i, dei har kjempa i mange år utan å nå fram. At dei har litt ekstra pengar i potten for å overtyde sentrale styresmakter har eg forståing for.

– Men eg håpar at vi for vår del kan unngå å bruke slike verkemiddel, for det er ikkje slik vi skal jobbe, seier han.

Vil raskt gå i dialog

I Aurland stemte 21,9 prosent av innbyggjarane på Høgre. No er ordføraren spent på forhandlingane mellom dei borgarlege partia, og fordelinga av ministerpostane.

– Deretter går eg ut frå at det blir mange av oss som raskt vil melde oss for å kome i dialog og vere med å fremje våre saker. Men ikkje berre våre saker, vi vil også vere med å påverke kva saker regjeringa vil prioritere.