Hopp til innhold

Les restauranten sin versjon: «Gutane ville ikkje betale og provoserte til bråk»

Medarbeidarane på restaurant Zorro i Tyrkia skal ifølgje norske ungdomar ha tydd til vald då ungdomane sa dei hadde betalt for mykje. Restauranten sjølv meiner gutane provoserte.

Kim-Arild Skiftesvik og Steffen Gerardo Lisboa Iversen

KUTTSKADAR: Slik såg gutane ut etter restaurantbesøket. Men personalet på restauranten seier dei berre forsvarte seg mot dei norske gutane sin oppførsel.

Foto: Privat

Fredag fortalde NRK om 19 år gamle Steffen Gerardo Lisboa Iversen frå Askvoll og kompisane Kim-Arild Skiftevik og Tor Einar Breivik som opplevde å hamne i slåstkamp på ein restaurant i Alanya i Tyrkia.

– Dei hadde vore her heile kvelden og bad til slutt om rekninga. Då dei fekk den sa dei at dei ikkje ville betale det som stod der. Eg veit ikkje om det var fordi dei ikkje hadde pengar eller av ein anna grunn, forklarar Erhan Alex som var ein av dei som var på jobb på Zorro den kvelden.

Reisefølget hadde både ete mat og bestilt ein del drikkevarer på restauranten. Erhan Alex seier han brukte lang tid på å forklare dei rekninga, og gutane skal ifølgje den tyrkiske servitøren ha blitt aggressive og nekte å betale. Dei hevdar kelnerane sa drikka dei bestilte var gratis.

Til slutt betalte gutane beløpet, men ifølgje restauranten betalte dei ikkje alt.

– Eg sa til dei at dersom dei skulle krangle kunne dei heller kome tilbake dagen etter. Dei hadde fått litt for mykje å drikke og det nytta ikkje å diskutere med dei.

Erhan Alex meiner gutane sin forklaring ikkje samsvarar med korleis personalet på restauranten opplevde situasjonen, og seier dei aldri gjekk til angrep på gutane. To av gutane, ifølgje Erhan dei to største, kom plutseleg tilbake til restauranten og var svært sinte.

– Brukte ikkje kniv

Restaurantstaben som dei norske gutane meiner var på åtte personar, var på langt nær så stor, forklarar Erhan.

– Vi var tre personar på jobb i tillegg til sjefen. Dei andre var heime fordi dei skulle på jobb tidleg dagen etter. Det var gutane som provoserte. Vi måtte forsvare oss då dei begynte å kaste på stolane, forklarar han.

Då ein frå personalet prøvde å skubbe dei ut i forsvar, veltar han den eine av dei inn i eit menykort som står der. Det er dette som også skal vere årsaka til det som ser ut som eit knivkutt i kjaken på den eine norske guten.

Bileta som gutane har teke etter hendinga viser at dei har fleire kuttskadar. Dei meiner dei blei overfallen med kniv og andre slagvåpen, noko Erhan Alex avviser.