NRK Meny
Normal

Dei nektar å la seg knekke av dopingsaka

Berre dagar før EM på norsk jord vart det norske vektløftarmiljøet skaka av ei dopingsak. Dei unge løftarane nektar å la seg knekke, seier landslagstrenaren.

Vektløftarar trenar i Naustdal, fv Gunnar Reiakvam, Vebjørn Varlid og Marit Årdalsbakke

VIL HA FOKUS PÅ DET SPORTSLEGE: Både utøvarar, trenar og arrangørar håpar det sportslege kan vere i fokus, trass dopingsaka tett opp mot EM. Her er landslagstrenar i sving saman med Tambarskjelvar-utøvarane Vebjørn Varlid og Marit Årdalsbakke.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med klar røyst instruerer Gunnar Reiakvam unge vektløftarar i treningsrommet i Naustdal. Enno har landslagsløftarane litt tid til å bu seg på det som vil bli karrierehøgdepunktet til no: EM på heimebane.

Men oppladinga til meisterskapen i Sunnfjord har teke den verst tenkelege vendinga. I går vart det kjent at ein av dei største norske profilane, Ruth Kasirye, hadde testa positivt på stoffet meldonium.

Med norske rekordar i både rykk, støt og samanlagt i fire av sju vektklassar på kvinnesida, samt EM-sølv og EM-bronse har ho vore eit førebilete for mange.

For resten av den norske troppen var meldinga svært tøff å få.

– Vi hadde ein veldig trasig dag i går. Dette var ikkje det slag moro for nokon, vedgår landslagstrenar Gunnar Reiakvam alvorstyngd.

Ruth Kasirye var sjølv tydeleg prega då ho i går la seg flat i møte med media. Ho seier sjølv at ho fekk i seg stoffet i samband med medisinsk behandling då ho vart sjuk med malaria i Uganda.

Prøvar å sjå framover

Fem av 12 utøvarar i den norske troppen løftar for arrangørklubben Tambarskjelvar. Dei og resten av landslaget er skjerma frå media om saka. Reiakvam legg ikkje skjul på at ungdomane har hatt behov for å snakke om det som har skjedd.

– Vi brukte dagen i går til å bearbeide dette. No må vi konsentrere oss om det sportslege og prøve å ikkje tenke negative tankar, seier trenaren.

Merkar du det på gjengen at dei er prega?

– I går var ein veldig tung dag. Vi har snakka ein del om det og bestemt oss for at vi skal gå vidare og vise at vi ikkje kan bli sette ut av noko slikt.

Dopingsaka til den norske vektløftaren Ruth Kasirye kastar skuggar over europameisterskapen i Førde.
Både arrangørar og landslagsutøvarar håpar no at fokuset blir på det sportslege.

SJÅ TV-SAKA: Dopingsaka til den norske vektløftaren Ruth Kasirye kastar skuggar over europameisterskapen i Førde. Både arrangørar og landslagsutøvarar håpar no at fokuset blir på det sportslege.

Jobbar for ein rein sport

Tamás Aján, president i Det internasjonale vektløftarforbundet (IWF), skulle gjerne vore dopingsaka forutan.

– Dette er ei stor utfordring for vektløftarsporten, som er utsett for doping. Men alle idrettar kan vere utsette, difor jobbar vi kontinuerleg for ein rein og rettferdig sport, seier han til NRK.no.

Håpar å snu det negative

Trenar Reiakvam vedgår at situasjonen er svært uheldig. No vil han jobbe hardt for at løftarane skal halde fokus fram mot løftinga neste veke.

– Dei har bestemt seg for å yte sitt beste, og det trur eg kjem til å skje. Alle er i god form, så eg håpar dei får det ut også, seier han før han held fram med å finpusse på teknikken til utøvarane.

Vegopning på Bergum i Førde kommune