Hopp til innhold

Dei må ut av fylket for å satse

Timevis kvar veke boltrar dei største alpintalenta i Sogn og Fjordane seg i skibakken. Men skal dei nå målet om å kome på landslaget må dei ut av fylket.

Andrine Mårstøl, Andreas Strand og
Johannes Betten er tre store skitalent her i fylket som har store planer for framtida.

TALENT: Andrine Mårstøl, Andreas Strand og Johannes Betten er tre store skitalent frå Sogn og Fjordane. FOTO/REDIGERING: Patryk Smørdal.

Denne vinteren har det vore så som så med gode forhold for dei som vil boltre seg på nedoverski.

Men i alpinbakken ved Jølster skisenter er det denne helga full aktivitet, der er det nemleg krinsrenn. Tre av dei største talenta i fylket er naturleg nok på plass.

Andrine Mårstøl frå Haugen idrettslag har teke turen frå Nordfjord, medan Andreas Strand frå Jølster og Johannes Betten frå Førde hadde litt kortare reiseveg.

Dei har eitt mål til felles:

– Landslaget, seier dei tre.

Ser til verdsstjernene for inspirasjon

Alpintalenta har allereie hevda seg i landstoppen, men denne vinteren har ikkje forholda for satsinga vore dei beste.

– I år har det ikkje vore så veldig gode forhold her sidan det har vore lite snø. Men det brukar vere bra, i fjor til dømes var det veldig bra, seier Andreas Strand.

Med svensk pappa har han lagt sin elsk på dei svenske alpinstjernene André Myhrer og Matthias Hargin, medan treningskameraten Johannes Betten frå Førde har eit austerriksk idol.

– Marcel Hirscher er mitt førebilde, seier Betten.

– Ikkje ein nordmann altså?

– Nei, vedgår han glisande.

Andrine Mårstøl har derimot ein nordmann blant sine to idol. Henrik Kristoffersen og Felix Nereuther er dei to ho ser mest opp til i bakken.

Må ut av fylket for å satse

Og med norske og utanlandske landslagsstjerner som idol, legg dei ikkje skjul på at det er på landslaget dei sjølv ønskjer å ende opp.

Andrine er samtidig klar på at ho veit at det er ein veg å gå.

– Først må eg komme meg inn på NTG Lillehammer, så på Europacup-laget, og så på landslaget til slutt, fortel 15-åringen om langtidsplanane sine.

Og dei tre talenta nå måla sine kan dei ikkje bli i skibakkane her i fylket. Dei må ut av fylket for å gå på skular der dei kan kombinere skulegang og toppsatsing på alpint.

Johannes Betten frå Førde er budd på at han til hausten må på flyttefot.

– Korleis skal du satse vidare no?

– Det er litt usikkert enno, men det blir skule på anten Oppdal vidaregåande, eller NTG Lillehammer, seier han.

– Begge deler ligg eit stykke heimanfrå, kva synest du om det?

– Det er litt kjedeleg, Men det blir litt herleg å flytte også, vedgår han og seier det viktigaste er å flytte ein plass der det er gode forhold.

For dårlege forhold i Sogn og Fjordane

Oppdal vidaregåande skule har landlinjestatus innan alpin og telemark, medan Norges Toppidrettsgymnas (NTG) Lillehammer tilbyr eit studiespesialiserande utdanningsprogram i kombinasjon med toppidrettssatsing.

Begge skulane er svært populære blant ungdom som vil satse på idretten sin, samtidig som dei får seg ei vidaregåande utdanning.

– Eg er også litt usikker på om det blir NTG Lillehammer eller Oppdal, men eg heller litt mot Oppdal, seier Andras Strand.

Han vedgår at treningsforholda for å satse for fullt er for dårlege i Sogn og Fjordane. 16-åringen er budd på å leggje ned mange timar trening for å bli så god som han må for å nå målet om ein plass på landslaget.

– No trenar eg rundt 15 timar i veka, seier Strand.

Og dei som blir best fortel også om alt dei har måtte ofre opp gjennom åra, både festar og kjærastar har kome i andre rekke. Trening har vore førsteprioritet. Slike val har Andreas allereie måtte ta.

– Eg har vel droppa ein del festar og bursdagar allereie, så eg er budd på å ofre ting for å bli best, seier han.