Hopp til innhold

Dei må betale bøtene sjølve

Aksjonistar som blir bøtelagde for å protestere mot gruveprosjektet med fjorddeponi i Naustdal, kan ikkje rekne med økonomisk hjelp frå organisasjonane dei er medlemmer i.

Lenkegjeng

BØTELAGDE: Desse aksjonistane har fått bøter på 10.000 kroner kvar.

Foto: Natur og Ungdom

Tysdag vart 15 fastlenka aksjonistar pågripne av politiet og ilagt bøter. Dei fleste av dei er medlemmer av Natur og Ungdom eller Naturvernforbundet.

Dagleg leiar i Natur og Ungdom, Steffen Mio Kristiansen, seier dei støttar aksjonane økonomisk, men å betale bøtene til aksjonistane er uaktuelt.

– Vi har fått støtte til aksjonane. Det er mange over heile landet som synest at dette er aksjonar det er verdt å støtte. Dei vil bidra til mat og aksjonsutstyr. Det er også enkelte som seier dei vil bidra til bøter.

10.000 kroner kvar

Og dei fekk bøter, dei 15 aksjonistane som politiet tysdag skar laus frå lenkene ved Engebøfjellet i Naustdal, 10.000 kroner kvar. Men trass i pengegåver, Natur og Ungdom som organisasjon har ingen planar om å betale.

– Pengane skal ikkje gå til å betale bøter, dei skal heller gå til mat til deltakarane og aksjonen i seg sjølv, men ikkje til bøter.

Steffen Mio Kristiansen

– MÅ BETALE SJØLVE: Dagleg leiar i Natur og Ungdom, Steffen Mio Kristiansen.

Foto: Daniel Eriksen / NRK

Kamprop, telt og provisoriske vegsperringar. 15 fastlenka demonstrantar. Nær 20 politifolk. Aksjonen på ein regvåt grusveg i Sunnfjord markerte starten på ein varsla sivil ulydnad, og kom same dag som prøveboringa til den omstridde gruva skulle starte. Ei gruve der det store stridstemaet er eit planlagt fjorddeponi i Førdefjorden.

– På eige ansvar

Blant aksjonistane som vart pågripne var også medlemmer i Naturvernforbundet. Leiar Lars Haltbrekken er som kollegaen i Natur og Ungdom klar på at aksjonsforma er på eige ansvar.

– Vi har stor forståing for at folk går til sivil ulydnad i denne saka, men dei som deltek i aksjonar gjer det på eige ansvar og står sjølve ansvarlege for dei bøtene som dei får.

Lars Haltbrekken

– MÅ BETALE SJØLVE: Leiar Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Hender det at de får pengegåver der folk ynskjer å bidra til å betale bøter?

– Det er nok mange som ynskjer å bidra til desse aksjonane, men det er ikkje noko vi organiserer.

Vil kanskje delta sjølv

Haltbrekken ser ikkje bort frå at han sjølv kan kome til å delta i aksjonar.

– Eg vil ikkje utelukke det, og vi har stor forståing for dei aksjonane som no pågår.

Solgunn Eikevik var ein av aksjonistane som lenka seg fast. Etter eit par timar hos politiet fekk ho gå - med bota på 10.000 kroner i handa.

– Det var absolutt verdt det, men eg har ikkje godteke noko førelegg enno. Det skal eg tenke på.

Folk vil betale bota hennar

Ho er kontakta av folk som vil ha kontonummeret hennar slik at dei kan vere med å betale førelegget.

– Fantastisk rørande. Dei seier dei vil hjelpe meg med å betale om eg må betale bot.

I Natur og Ungdom innser dagleg leiar Steffen Mio Kristiansen at trugsmålet om 10.000 i bot nok kan verke preventivt mot ein medlemsmasse der mange er studentar med låg inntekt.

– Det er mykje pengar, ja. Men det er det som gjer det endå meir spesielt, at ungdom er viljuge til å ta ei slik bot.