NRK Meny
Normal

Dei lovar han ro og samarbeid

Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet i Selje vil legge vonbrotet bak seg og håpar på ro og samarbeid i det nye kommunestyret.

Stein Robert Osdal

FÅR EI UTSTREKT HAND: Den nye ordføraren i Selje, Stein Robert Osdal (KrF), får ein opposisjon som vil legge tapet i konstitueringa bak seg.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Frustrasjonen er stor i dei tre partilaga etter at Arbeidarpartiet braut ein avtale med dei og i staden støtta ordførar frå Kristeleg Folkeparti.

«No må vi få ro»

Tysdag kveld sende Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet ut ei pressemelding der dei kritiserer Arbeidarpartiet, men samstundes ynskjer å sjå framover.

No får vi berre håpe at ikkje andre har same oppfatning når det gjeld avtalar som det leiar i Selje Arbeiderparti har. Det vi treng meir enn nokon gong er eit klima i kommunestyresalen som gjer at vi kan jobbe saman og i tillit til kvarandre. Det er einaste måten vi kan få kommunen ut av den vanskelege økonomiske situasjonen den er i. Då MÅ vi kunne stole på at avtalar faktisk gjeld.

Vi i Selje Høgre, Selje Senterparti og Selje Frp lovar i alle fall at vi skal gjere vårt beste for å få til dette. Det hjelper ingen å henge seg opp i tapte slag, for då tapar ein berre dei neste. No må vi få ro, og i fellesskap jobbe med dei utfordringane Selje kommune står overfor. Dette til beste for innbyggjarane våre og i tråd med den tillit dei har vist oss med å gje oss si stemme i valet.

Marita Aarvik

FORSONANDE: Marita Aarvik (Frp).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK
Gunn Sande

FORSONANDE: Gunn Sande (Sp)

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Rett og slett trist

Pressemeldinga er underteikna av Geir Årvik og Kenneth Brandal frå Selje Høgre, Gunn Sande og Kjetil Friberg frå Selje Senterparti og Marita Aarvik og Anfinn Sjåstad frå Selje Framstegsparti.

Dei skriv at det er slik at nokre gonger taper ein, og nokre gonger vinn ein, og at det må ein lære seg å godta. Men i denne situasjonen er det måten tapet skjedde på som er verre å godta for dei enn sjølve resultatet

Dei refsar leiaren i Selje Arbeidarparti for utsegna om at ein avtale gjeld berre til han blir broten.

«Det er rett og slett trist og vitnar om dårlig forståing og leiarskap. (Same leiar har tydeligvis også eit problem med teljing. Eitt av argumenta for det som no er gjort er å samle eit breiast mogeleg politisk fleirtal. At tre parti skal vere «breiare» enn fire parti, er vanskeleg å skjøne).»

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast