Hopp til innhold

Dei lokale OL-håpa skaut seg vekk

Med ein pangstart av Ole Einar Bjørndalen vart det stor stemning på klubbhuset på Markane i Stryn. Men då dei lokale heltane kom på standplass gjekk det nedover...

Laber stemning på klubbhuset i Stryn etter dårleg innsats av Bø-brørne

SAMLA SEG: Både store og små samla seg i klubbhuset til Markane IL for å få med seg OL-sprinten.

Foto: Roger Vik

Unge lovande skiskyttarar, supporterar og klubbleiing i Markane hadde alle samla seg for å heie fram dei lokale OL-heltane. Men Bø-brørne som sjølv har gått for Markane fekk det ikkje til under dagens sprintøving i OL.

– Ole Einar begynte veldig bra, så då steig stemninga. Men den vart litt meir redusert når våre eigne kom og ikkje gjorde det så godt, seier Monica Halsteinslid som er leiar i skiskyttargruppa i Markane idrettslag.

39. og 55. plass til Bø-brørne

For verken Tarjei Bø eller Johannes Thingnes Bø hadde dagen framfor skivene. Med tre bom enda storebror på 39. plass, medan veslebror fekk fire bom på standplass og noterte seg med ein 55. plass i sitt aller første OL.

Halsteinslid seier det var ingen på klubbhuset som deppa, sjølv om dei naturleg nok vart skuffa på vegner av dei lokale stjernene.

– Skiskyting er vanskeleg. Ein skal ha dagen både i løypa og i standplass. Og så må vi hugse på at det er mange fleire moglegheiter, seier ho.

Det er også det ordførar Sven Flo trekkjer fram etter dagens sprintøving.

– Vi skal ha ein samanhengande fest vi no, lovar han.

(Artikkelen held fram under)

Bygdefolket og unge skiskyttarar i Stryn hadde samla seg i klubbhuset på Markane for å få med seg OL-sprinten laurdag. Der måtte dei sjå at dei lokale OL-heltane, Tarjei Bø og Johnnes Thinges Bø, ikkje hadde dagen på standplass.

SKAUT SEG VEKK: Begge Bø-brørne skaut seg vekk under dagens sprintøving i OL. Ordførar Sven Flo gler seg til dei mange andre øvingane, der det igjen er sjanse for medalje til dei lokale heltane. FOTO/REDIGERING: Arne Vik.

Skal samle seg gjennom heile OL

Dagens 10 kilometer sprint er den første øvinga for skiskytterherrene. Måndag er det jaktstart, medan det torsdag følgjer opp med 20 kilometer, før det er 15 kilometer fellesstart på søndag.

Onsdag 19. februar er det mixed stafett der det kan vere sjansar for eit blad Bø på laget, og laurdag 22. februar er det 4X7,5 kilometer stafett for herrar.

Halsteinslid seier dei kjem til å prøve å samle seg for å få med seg fleire av øvingane, og seier det er moro for både store og små. Spesielt dei unge som har starta med skiskying gler seg over å følgje heltane på TV.

– Dei synst det er kjempekjekt. Dei ser at det går an å kome langt sjølv om ein kjem frå ein liten plass, seier ho.

Gler seg over norsk gull

Det siste året har dei hatt ein veldig auke i talet på skiskyttarar, og leiaren fortel om 14–15 nye løparar i alderen 8 år og oppover.

– Det er veldig bra for rekrutteringa, seier ho.

Det vart uansett norsk gull i dei russiske løypene. Ole Einar Bjørndalen hadde dagen både i sporet og på standplass, og vann sitt tredje OL-gull på distansen.

– I dag gler vi oss over norsk gull, så gler vi oss til fortsettinga, smiler Halsteinslid.

Bygda har samla seg for å heie fram brødrene Bø

NORSKE FLAGG: Bygdefolket i Stryn hadde samla seg på klubbhuset til Markane IL for å følgje OL-sprinten.

Foto: Roger Vik