Hopp til innhold

Dei legg press på ministeren

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen blir pressa frå alle kantar etter at det fredag ikkje kom ei avklaring om riksveg 52 Hemsedalsfjellet.

Jenny Følling

VIL HA RIKSVEG 52: Både Sveinung Rotevatn og Jenny Følling er utolmodige. Dei ville hatt ei avgjerd som sa at riksveg 52 over Hemsedalsfjellet blir den nordlege hovudvegen mellom aust og vest i Sør-Norge.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi er både forundra og skuffa over at regjeringa ikkje tek ei avgjerd om den nordvestlege traseen, seier fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet.

Det var knytt stor spenning til kva vegar regjeringa vil satse på som hovudvegar mellom aust og vest. På ein pressekonferanse fredag føremiddag presenterte Solvik-Olsen E134 over Haukeli som den eine av dei to hovudvegane.

Når det gjeld den andre hovudvegen står det mellom riksveg 7 Hardangervidda og riksveg 52 Hemsedalsfjellet. Her vil samferdsleministeren ha meir tid på seg, og har bede Vegvesenet om fleire utgreiingar.

– Gode argument for begge

Ikkje nødvendig meiner Sp-politikar Jenny Følling i Sogn og Fjordane.

– Vi har peika på Hemsedal som den viktigaste traseen for oss. Statens vegvesen har laga ei grundig utgreiing, og vi trudde ein var kome så langt at alle kort var lagt på bordet, seier Følling.

Ho viser til at lastebilnæringa har Hemsedalsfjellet som førsteval, at strekninga gir kortast reiseveg og minst stigning. Solvik-Olsen er godt kjent med desse argumenta, men seier det også finn gode argument for riksveg 7 over Hardangervidda.

Ketil Solvik-Olsen

TRENG MEIR TID: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen vil ha meir tid før han tek ei avgjerd om hovudveg mellom aust og vest på Nordvestlandet.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Det er andre faktorar som reiseliv og turisme som er gode argument for riksveg 7, seier ministeren.

Han viser vidare til at Vegvesenet har gjort ei såkalla konseptvalutgreiing for riksveg 7, men ikkje for riksveg 52, og vil ha lik kunnskap om dei to ferdselsårene.

– Ei vedvarande uvisse

Ordførarane i Sogn, Noralv Distad i Aurland (H), Jan Geir Solheim i Lærdal (Sp), Arild Ingar Lægreid i Årdal (Ap) og Jarle Aarvoll i Sogndal (Ap) er alle skuffa. Stortingspolitikar Bjørn Lødemel frå Høgre er også klar på at han vil ha Hemsedalsfjellet som ein av dei to hovudvegane.

No får dei også følgje av stortingspolitikar Sveinung Rotevatn i Venstre.

– Eg hadde venta at ein kom med begge trasevala. No blir det ei vedvarande uvisse i nord om kva som blir det framtidige hovudsambandet. Dette er krevjande for mange, det skapar mykje kjensler og folk brukar mykje tid og ressursar på det, seier Rotevatn som personleg også meiner regjeringa bør gå for Hemsedalsfjellet.

– Godstransport må kome før hyttefolket

Jenny Følling i Senterpartiet fryktar samferdsleministeren er blitt utsett for politisk press, og at dette er bakgrunnen for utsetjinga av trasevalet.

– Det må ligge nokre politiske dragkampar bak dette. Eg meiner ein må prioritere behovet for godstransport for den verdiskapande vestlandsregionen før hyttefolket.

Solvik-Olsen på si side held fast på at han treng meir kunnskap før han tek ei avgjerd om hovudvegen på Nordvestlandet.

Så er det også eit viktig poeng at vi her ikkje skal velje to vegar og stengje dei andre. Men når vi skal bruke mykje pengar på å kutte reisetid, må vi kanalisere det på to vegar, seier ministeren.