Hopp til innhold

Dei la om motbakkeløypa og fekk NM 2020

FØRDE (NRK): Då bystien vart for kort for eit NM, gjorde arrangørane bak Førde Opp traseen meir enn dobbelt så lang. Dermed fekk dei Friidrettsforbundet på kroken.

Bjørn Norvald Tjønnås og Tom Farsund

FÅR NM: Sjølv om Førde Opp blir NM-arrangement i 2020, forsikrar både Bjørn Norvald Kjønås og Tom Farsund at løpet og folkefesten i Bystien blir som tidlegare.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Neste år blir Førde arena for NM i motbakkeløp.

– Det er knallkjekt. Det er ei stadfesting på at vi har hatt nokre gode arrangement ei stund, med god oppslutnad og folkeliv. Vi gler oss, jublar koordinator Tom Farsund i Bystien Førde Opp.

La om løypa

Dermed er motbakkeløpet i Førde i selskap med Storehesten Opp, Skåla Opp, Fannaråki Opp og Molden Opp som NM-arrangørar i Sogn og Fjordane.

– Vi kan sikkert få til eit EM eller VM også, men vi får begynne her, gliser Farsund.

Medan mosjonistane framleis kan klive dei 176 trappetrinna mot toppen av Hafstadfjellet 706 meter høgare oppe, må konkurransedeltakarane sveitte seg gjennom ei over dobbelt så lang løype.

Traseen til NM i motbakkeløp i Førde

TRASEEN: Slik blir traseen til NM i motbakkeløp i Førde.

Foto: Førde Opp

– Vi søkte først om å få Hafstadkleiva som arena, men Friidrettsforbundet ynskte ei lenger løype. Dermed blir det start ved Rådhuset, springing til Bruland og så opp fjellet. Kring 8,3 kilometer, seier komiteleiar Bjørn Norvald Kjønås.

Heimefavoritt gler seg

Karoline Holsen Kyte, Førde opp

HEIMEBANE: Karoline Holsen Kyte ser fram til å springe NM på heimebane. – Eg kan i alle fall ikkje klage på at eg ikkje kjenner løypa, seier ho.

Foto: Ole Johnny Devik

– Dette trur eg blir veldig bra. Så gøy å få springe NM på heimebane. Det er lite som slår det, jublar vinnaren av kvinneklassa i 2017, Karoline Holsen Kyte.

Sjølv om ho likar bratte bakkar best, trur ho det kan bli spennande med ei lengre og variert utgåve av Førde Opp.

– Med asfalt og mykje grus, så blir det ikkje så teknisk krevjande, så her kan det kome overraskande vinnarar. Det er skilnad på å klatre bratte bakkar og å springe lange flate løp, legg ho til.

2020 i 2020

Motbakkeløpet sette deltakarrekord allereie første året i 2012. Då stilte 1.740 små og store på startstreken.

– Bystien var heilt ny og trappene heilt nye. Folk gjekk mann av huse, mimrar Farsund.

Med eit NM i vente, trur Tjønnås på ny deltakarrekord. I fjor kom i underkant av 1.000 born med påmeldingslapp og fullførte løpet.

– Vi er blant dei i Noreg med flest startande i konkurranseklassa og born. Vi har mål om å passere 2020 deltakarar i 2020, seier han.

Eli Anne Dvergsdal og Karoline Holsen Kyte

FAVORITTAR: Eli Anne Dvergsdal og Karoline Holsen Kyte (t.h.) delte siger under motbakkeløpet Stoltzen opp i fjor. Neste år blir dei lokale håp under NM i Førde.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Testar løypa i helga

Arrangørane ventar at arrangementet vil trekkje nokre hundre tilreisande. I tillegg kan det blir langt fleire å sjå på gangvegen mellom Førde og Bruland det neste halvanna året.

Kyte tvilar på det tek for lang tid før ho tek NM-løypa nærare i augesyn.

– Eg er faktisk på veg til Førde no, så kanskje eg må prøve løypa allereie i helga? Det blir i alle fall ikkje eitt og eit halvt år til, gliser ho.