Hopp til innhold

Dei kunne tenkt seg eit anna utfall

Dagen deretter er valresultatet tema blant mange. På Tine sitt meieri på Byrkjelo er det fleire som gjerne skulle sett at dei raudgrøne hadde gjort det betre.

Jeffrey Thomas og Svein Førde, tillitsvalde ved Tine Byrkjelo

SPENTE: Både Jeffrey Thomas og Svein Førde, begge tillitsvalde ved meieriet på Byrkjelo er spente på kva ei ny regjering vil bety for dei.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Med 96 mandat på borgarleg side er det klart at det ikkje blir fire nye år med raudgrønt styre i Norge. Dermed er det duka for eit regjeringsskifte, noko mange naturleg nok er spente på.

Slik er det også for dei tilsette på Tine sitt meieri på Byrkjelo. Tillitsvald Svein Førde vedgår at han helst ville halde på dei raudgrøne.

– Eg trur dei fleste som jobbar i Tine og norsk matindustri har vore veldig tilfredse med den raudegrøne regjeringa, og det dei har levert i forhold til saker som er viktige for oss.

– Slik sett trur eg mange her har jobba for, og kunne tenkt seg eit anna utfall, seier Førde til NRK.no.

– Vi må halde oss til dette

Meieriet på Byrkjelo er ein av dei største arbeidsplassane i nordfjordkommunen, ein kommune der 44 prosent stemte Senterpartiet ved årets val. KrF vart nest største parti i Gloppen med 19,8 prosent oppslutnad, Ap følgjer etter med 10,0 prosent og Venstre fekk 8,2 prosent.

På landsplan er det derimot dei borgarlege som har fleirtal, og avgjerda til folket må vi berre akseptere, seier Førde.

– Det norske folk har talt, vi har fått borgarleg fleirtal, og det ser ut som det blir ei borgarleg regjering.

– Eg trur vi som er tillitsvalde i Tine ønskjer ein god dialog med dei, og vi vil formidle våre og matindustrien sine behov på ein profesjonell måte, seier Førde vidare.

– Kva tenkjer du personleg?

– Eg tenkjer det eg trur mange tenkjer. Vi kunne nok tenkt oss at den raudgrøne regjeringa kunne få halde fram, men vi må halde oss til dette i god demokratisk ånd, seier han.

Spent på den nye regjeringsplattforma

Tillitsvald Jeffrey Thomas har ikkje problem med å flagge syn. Han er også Sp-politikar i Gloppen og seier han naturleg nok hadde håpa på eit anna resultat.

– Om eg tenkjer som Sp-mann, så hadde eg håpa på raudgrøn siger. Men som Svein seier, vi må respektere utfallet, seier Thomas.

Samtidig er han godt nøgd med det sterke resultatet Sp hadde lokalt.

– Sp sitt resultat i Gloppen er vi veldig nøgde med, vi auka oppslutnaden og er glade for det, seier han.

Førde er spent på korleis tida framover blir, med ei ny regjering ved roret.

– Det er litt uvisse knytt til det. Vi kjenner dei borgarlege partia sine programformuleringar i saker som er viktige for oss, og vi veit kva dei har sagt. Men no står dei framfor forhandlingar, så det er litt usikkert kva som blir deira plattform for matindustrien og andre saker som er viktige for oss, seier Førde, til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Raymond Niiranen ved Tine Byrkjelo

NØGD: Raymond Niiranen er blant dei som vedgår at han er nøgd med valresultatet som enda med eit klart borgarleg fleirtal.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Dei kan få ein sjanse

Runda rundt på meieriet viser at det naturleg nok er blanda respons på valresultatet. Raymond Niiranen er blant dei som seier seg godt nøgd.

– Eg bør vel kanskje ikkje seie det, men eg er ganske nøgd. Sjølv om eg var veldig usikker i år, så trur eg at eg er nøgd med valresultatet. Vi får sjå etter fire år om det blir noko betre, seier han.

Han vil ikkje flagge parti, men legg ikkje skjul på at han nok har ein betre dag enn mange andre i Senterparti-kommunen.

– Eg har vel eigentleg vore nøgd med dei åra som Jens Stoltenberg og dei har drive på, men eg føler at Høgre, Frp og resten kan få ein sjanse, så får vi sjå korleis det går, seier han.