Hopp til innhold

Dei krev ekstern gransking

Tre bystyrerepresentantar i Flora, mellom dei Jacob Nødseth, krev ei ekstern gransking av saka som førde til at helse- og sosialutvalet i kommunen vart lagt ned.

Nødseth Djuvik Holme

KREV EKSTERN GRANSKING: Frå v. Jacob Nødseth, Frank Willy Djuvik og Bjarne Holme.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Nødseth, som var leiar av helse og sosialutvalet, har med seg bystyrerepresentantane Frank Willy Djuvik og Bjarne Holme, begge Frp, på kravet. På ein pressekonferanse i føremiddag fortalde Djuvik kvifor dei går til dette steget.

– Vi har hatt fleire situasjonar og episodar der både politikarar og administrasjon ikkje har handtert dei rollene dei har på den måten dei er sette til. Vi har fremja ein interpellasjon til bystyret fordi vi ynskjer å få gjennomført ei gransking av det som har skjedd.

Han seier dei meiner dei aktuelle hendingane har ført til konsekvensar for brukarar av det kommunale velferdstilbodet.

– Det har og i stor grad viska ut skiljet mellom politikk og administrasjon, og vi har personar som mest truleg har ein personleg agenda heller enn den oppgåva dei er sette til, sa Frank Willy Djuvik på pressekonferansen.

Dei har sendt eit brev til bystyret ved ordførar Bengt Solheim-Olsen der dei framfører kravet om ekstern gransking. Der skriv dei mellom anna:

Vi var innstilt på å ikkje forfølgje saka vidare, av omsyn til kommunen sitt omdømme. Fredag 30. august valde fire medlemmer i kontrollutvalet å halde fram uryddigheita. Vi meiner at no er nok nok. Av omsyn til Flora kommune sitt omdømme og av omsyn til omdømmet til dei involverte personane må dei reelle fakta på bordet. Flora kommune kan ikkje leve med den situasjonen vi no er i.

I brevet skriv dei tre vidare at målet mellom anna er å få ei avklaring på om det objektivt sett har skjedd kritikkverdige forhold i helse- og sosialutvalet, slik rådmannen og det politiske fleirtalet i bystyret har lagt til grunn.

Dei krev at granskarane skal vere uavhengige av Flora kommune, og minst ein av dei skal vere jurist med forståing for kommunerett.

Manglar tillit til rådmannen

I brevet skriv dei at ein av dei som bør innkallast i ei eventuell gransking er rådmann Terje Heggheim. Frank Willy Djuvik stadfestar at dette er eit uttrykk for mistillit til rådmannen. Gjennom denne granskinga ynskjer dei å få den tilliten tilbake.

– Det er korrekt oppfatta at det siste halvåret er tilliten til rådmannen i Flora blitt veldig tynnslitt. Gjennom denne granskinga ynskjer vi å få tilliten tilbake, nettopp ved å gå gjennom saka.

– Ting er snudd på hovudet

Jacob Nødseth seier han ynskjer å halde fram som bystyrerepresentant, men at det er vanskeleg med den mangelen på tillit som eksisterer.

– Slik bystyret resonnerer framstår det slik at politikarar ikkje kan sitte dersom administrasjonen ikkje har tillit til dei. Det er å snu ting totalt på hovudet. Det rette er å seie at administrasjonen ikkje kan sitte dersom politikarane ikkje har tillit til dei.

Terje Heggheim

MANGLAR TILLIT: Nødseth og Djuvik meiner tilliten til rådmann Terje Heggheim (biletet) er tynnslitt.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Ikkje vendetta mot rådmannen

Men Nødseth avviser at han er ute på ein slags vendetta mot rådmann Terje Heggheim.

– Eg vil minne om at vi i 2008 vart innkalla til eit hemmeleg lukka bystyremøte, der målet var å avsette rådmann på bakgrunn av ein midt sagt uryddig prosess. Då var eg den einaste som stod opp og presiserte at rådmannen har sine rettar og må ivaretakast som arbeidstakar.

Men no meiner Nødseth at rådmannen ikkje har handtert rolla si på ein god måte, og det same meiner han om kommunalsjef Norunn Stavø, kommunalsjef Linda Nipen Asphjell og kvalitets- og utviklingssjef Anders Moen.

– Svarar ikkje på spørsmål

Bjarne Holme, som er leiar av kontrollutvalet i Flora, seier rådmannen har unnlete å svare på spørsmål som er stilte, og at det går ut over tilliten.

– Vi slit med å få svar på det vi spør om. Det blir utsett og utsett, og når vi spør om han har ressursar nok, så seier han at det har han, så det kan ikkje gå på det.

– Så kva er det då som gjer at vi ikkje får svara vi er ute etter? Då bryr han seg ikkje så mykje om oppgåvene til kontrollutvalet. og då kan eg som leiar i utvalet ikkje ha den store tilliten til han.

– Heilt kurant, seier rådmannen

Rådmann Terje Heggheim i Flora seier at dersom fleirtalet i Flora bystyre ynskjer ei ekstern gransking, så er det heilt kurant for han.

– Då skal sjølvsagt eg som rådmann bidra til at saka blir så godt opplyst som mogeleg. Det er bystyret som eventuelt må bestille ei slik gransking, og det skal eg forhalde meg til som til andre bystyrevedtak.

Til utsegnene frå Nødseth, Djuvik og Holme om at dei har mist tillit til rådmannen, seier Heggheim:

– At tre representantar gir uttrykk for manglande tillit må eg forhalde meg til, men det utløyser ikkje noka handling isolert sett frå meg, eg må forhalde meg til fleirtalsvedtak i bystyret. Det er min oppdragsgjevar.

– Sist saka var oppe var det dei tre nemnde representantane som stemte imot mi tilråding. Viss det har gått ut over tilliten så er det synd, men min oppdragsgjevar er bystyret, og dei forheld eg meg til.

– Klart skilje

Heggheim avviser og påstanden om at skilnaden mellom politikk og administrasjon i stor grad er viska ut i Flora.

– Det kjenner eg meg ikkje att i. Eg opplever at det er eit klart skilje mellom politikk og administrasjon. Bakgrunnen for denne saka er at eg sende ei sak til bystyret fordi det ikkje var heimel eller budsjettmessig dekning for det vedtaket som helse- og sosialutvalet hadde gjort.

– Då hadde eg ikkje noko val, eg måtte senda saka til bystyret slik at dei kunne stadfeste at dei ville bruke dei ressursane som helse- og sosialutvalet hadde sett av.