NRK Meny
Normal

Dei klipper 2700 sauer i døgnet

FØRDE (NRK): Dei ti makedonarane klipper kvar sin del av dei avliva sauene som heng etter føtene på samleband. På det meste klipper dei 2700 sauer i døgnet.

Saueklipping

HARDT: Dei makedonske saueklipparane jobbar harde og lange dagar i dei mest hektiske periodane.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Lukta av sau er stram og det er ein klam eim i lufta. Dei nyleg avliva sauene heng etter bakføtene på samlebandet som går seg sakte framover. Der står saueklipparane på rekkje og rad og tar for seg kvar sin del av dyret.

Dei må jobbe raskt og effektivt for å kunne halde tempoet til samlebandet. Forutan ein mann frå Polen, er det berre makedonarar som klipper sauer ved Nortura-anlegget i Førde.

– Dei er profesjonelle folk som gjer ein svært god jobb, fortel fabrikksjef Eivind Fonn.

13 ulike ullklassar

39 år gamle Nazif Dalseth kjem også frå Makedonia. Han har jobba som ullklassifisør ved slakteriet i Førde i 15 år.

– Det er 13 ulike ullklassar. Med ein gong er ser ulla veit eg kva klasse den høyrer til, seier han.

Saueklipping

ULL: Nazif Dalseth (39) har vore ullklassifisør ved Nortura-slakteriet i Førde i 15 år.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

På det meste blir det produsert tre tonn sau- og lammeull i døgnet ved Nortura-slakteriet i toppsesongen. Dei profesjonelle klipparane frå Makedonia klipper opp mot 2.700 sauer per dag.

– Sauene blir klipte først etter at dei er avliva fordi det er mest effektivt, fortel sjef ved klippeavdelinga, Nils Paulen. Også han er rosar klipparane frå Makedonia.

– Dei treng nesten ikkje opplæring, dei jobbar veldig effektivt og dei gjer ein veldig god jobb, seier han.

Klipping av sau

SAU: Sauene blir hengde etter bakføtene og 10 uliker klipparar klipper kvar sin del av dyret.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Blir vaska i England

Fonn fortel at ulla blir send til England for vasking.

– Det er ingen ullvaskeri i Norge og vi sel ull til verdsmarknaden. Vi har oppretta eit dotterselskap i England og vi sender ulla over dit der marknaden er. Norsk ull er av god kvalitet og er ettertrakta, seier Fonn.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.