NRK Meny
Normal

Dei klarar det resten av landet slit med

Medan fire av ti mannlege sjukepleiarstudentar hoppar av studiet på landsbasis, er biletet eit heilt anna ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Dagrunn Kyrkjebø og Tord Are Holmen

OPTIMISTAR: Både student Tord Are Holmen og instituttleiar Dagrunn Kyrkjebø er glade for at sjukepleiarutdanninga i Førde klarar å halde på dei mannlege studentane. Holmen meiner eit lite og tett miljø har mykje av æra.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I år utdannar Høgskulen i Sogn og Fjordane 125–130 sjukepleiarstudentar. Av desse er 10–15 prosent menn. Her er situasjonen lik den på landsbasis, kvinner er i overtal, men i på sjukepleiarutdanninga i Førde er dei flinkare til å halde på studentane.

– Tala i seg sjølv er relativt låge, men vi har berre eit fråfall på mellom 10 og 20 prosent, seier instituttleiar ved studiet, Dagrunn Kyrkjebø, om dei mannlege studentane.

NRK fortalde måndag om at mange mannlege sjukepleiarstudentar droppar ut av studiet før dei har fullført utdanninga. Ein av dei fortel at han kjende seg diskriminert og malplassert på studiet, særleg under praksisen.

Har aldri kjend seg diskriminert

Slik kjenner ikkje sjukepleiarstudent i Førde, Tord Are Holmen, det.

– Dei som jobbar på sentralsjukehuset, i heimesjukepleia og i kommunen, er veldig positive til mannlege sjukepleiarar og let dei gjere dei same tinga. Dei mannlege kan gjere arbeidet like godt som kvinner, seier han.

Holmen er i dag tredjeårsstudent. Han har aldri lurt på å slutte, verken no eller tidlegare. Han meiner eit lite og godt miljø er ein stor del av grunnen til det.

– Vi er eit veldig lite samfunn. Det gjer at det blir veldig god oppfølging. Lærarane veit kven du er og kan fange opp om du slit litt, og hjelpe deg opp igjen. Vi har veldig godt miljø. Alle er integrerte i samfunnet.

Rangert blant topp fem

Det er Dagrunn Kyrkjebø samd i, men ikkje berre når det gjeld trivselen til dei mannlege studentane.

– Eg trur at nokre av dei kvalitetane vi har med å vere tett på, både på studentane og praksis, er noko som gjer at studentane trivst hos oss. Det viser også Studiebarometeret. Der hamnar vi høgt oppe og er ein av dei fem beste utdanningane i landet.

Ho syner også til at det generelle fråfallet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er lågt samanlikna med mange andre, med eit snitt på 20–25 prosent, omtrent det same som det totale fråfallet ved sjukepleiarutdanninga, med menn og kvinner sett under eitt.

Men sjølv om tala er positive, er dei ikkje heilt nøgde.

– For å snu det litt på hovudet kunne vi tenkt oss fleire mannlege studentar, seier Kyrkjebø.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote